Pengegåve til pelsdyrutstilling

Torsdag 20. juni kom Jæren Sparebank på besøk til Vitengarden. Med seg hadde dei ei gåve på ein million kroner.

Prosjektleiar for utstillinga, Anne Jorunn Frøyen, vart særs glad for gåva som administrerande direktør i Jæren Sparebank, Geir Magne Tjåland, kom med. Foto: Andreas Lange / Jærmuseet

Gåva skal gå til ny pelsdyrutstilling på Vitengarden. Pelsdyrutstillinga skal opne same dag som pelsdyrnæringa offisielt blir forbode, 1. februar 2025. Arbeidet med utstillinga er godt i gang, og Jæren Sparebank fekk ei orientering om planane for utstillinga då dei kom med gåva.

Administrerande direktør i Jæren Sparebank, Geir Magne Tjåland, tykte planane for utstillinga såg lovande ut. «Pelsdyrnæringa er ei viktig næring på Jæren som har ei spesiell historie med mange ulike perspektiv. For Jæren Sparebank er det viktig å støtta opp om den profesjonelle formidlinga av kunnskap som Jærmuseet driv med. Planane verkar gjennomtenkte og balanserte. I ei digital tid er det òg særs viktig med fysiske opplevingar som engasjerer barna og vaksne», seier Tjåland.

Anne Jorunn Frøyen, førstekonservator NMF og prosjektleiar for utstillinga er særs glad for gåva. «Dette er eit betydeleg beløp som sikrar at utstillinga blir i tråd med slik me har planlagt og ønsker den skal bli. Nå kan me trykke på dei rette knappane og setje i gang produksjon av viktige element», avsluttar ho.

Kvifor skal Vitengarden ha ei pelsdyrutstilling?

Jærmuseet skal dokumentera nyare norsk landbrukshistorie. Pelsdyr har vore ei viktig næring i Rogaland i nesten hundre år. På det meste, i 1969, var det heile 721 pelsdyrgardar på Jæren. Det er difor heilt naturleg at Jærmuseet både samlar inn gjenstandar og historier knyta til næringa, og lagar ei utstilling om denne.