Klasserom i skogen

Kvart år har me undervisning i Njåskogen, eit samarbeid med Jæren Skoglag og Skogselskapet i Rogaland.

I undervisninga får elevane læra om skogen som basis for næring, som klimaarbeidar og som rekreasjonsarena. I år har over 500 elevar vore med, og dei har meistra både sag og øks, vore på natursti, testa Felle-Jon og ikkje minst planta hundrevis av tre.

Me var med å fotograferte når Kleppe skule fekk vera med på opplegget. Her er nokre glimt frå dagen:

Foto Martin Espe/Jærmuseet