Friluftsdagen på Vitengarden 2024: Sjå høgdepunkta

Deltakrar på Friluftsdagen 2025 på Vitengarden nyt god grillmat ute i naturen. Foto: Andreas Lange

For 28. året på rad inviterte Hå Kulturtorg, i samarbeid med 4H-garden og Jærmuseet, til eit av årets høgdepunkt, nemleg den store friluftsdagen på Vitengarden.

Sjå biletegalleri nederst i artikkelen*

Fornøgde deltakrar nyt god grillmat tett på naturen hjå Vitengarden. Foto: Andreas Lange

Arrangementet har i 28 år gitt menneske med utviklingshemmingar som går på dagsenter (og tilsvarande i VGS), moglegheit til å møtast for kjekke opplevingar utandørs på Vitengarden.

Storfornøgd Kulturtorg

Per Henry Runde, avdelingsleiar ved Hå kulturtorg/Tilrettelagt Fritid, smiler bredt. Foto: Andreas Lange

Avdelingsleiar ved Hå Kulturtorg/Tilrettelagt Fritid, Per Henry Runde synes det har vore «veldig gildt» med mange frammøtte og fortel han såg «berre blide fjes» denne dagen.

Runde fortel entusiastisk om aktivtear som bygging av fuglekasser, bie-hotell, hundespannkøyring og krokmaking i smia.

Arbeid i smia, bilete er henta frå 2021 pga. så stor pågang på Friluftsdagen at forfattaren ikkje kom seg inn. Foto: Ingunn Aase Hovelsrud

Tilrettelegging med meining

Deltakrar på friluftsdagen i god gang med å drille bie-hotell. Foto: Andreas Lange

Runde held frem med å forklare viktigheita av tilrettelagde friluftsaktivitetar.

«Det er viktig med tilrettelagde friluftsaktivitetar for å nå fram til alle uansett funksjonsnivå».

Men aktivitetane skal ha ein meining fastslår Runde og poengterer at bygging av bie-hotell er ein samfunnsnyttig aktivitet då bie-bestanden er på vikande front verda over.

Tett på naturen

Trekkundar frå Berner-Sennen-hund klubben tek seg ein pust i bakken. Foto: Andreas Lange

Runde avsluttar med å fortelja om Vitengarden som ein flott stad for eit arrangement som dette. Då ein kjem tett på natur, gardsdyr og kjekke utstillingar ute og inne.

Om viktigheita av tida ute i frisk luft er Runde heilt krystallklar:

«Ute i frisk luft får du ei spesiell oppleving av lydar, lukt og møta med dyra, og her i dag også møter mellom folk.»

Ein dag med alt

Elevar ved Hå kulturskule stilte med gilde framføringar frå Astrid Lindgrens verden. Foto: Andreas Lange

Hå kulturskule stilte med gilde framføringar frå Astrid Lindgrens verden for eit begeistra publikum, Berner-Sennen-hund klubben stilte med blide og arbeidsvillige trekkhundar, Røde Kors stod for steiking av smakfulle lappar. Nytt av året var at FriLager hadde gratis utlån av dei nyaste framkomstmidla for inkluderande friluftsliv.

Nyleg opna Frilager og sin første bod med gratis utlån av tilrettelagt turutstyr på Alsvik Natursenter. Her kan du nytta alt i frå terrengtraller, til trehjulssyklar og vogner. Les meir om dette gratis tilbodet ved å trykke her.

I tillegg til ulike aktivitetar og utstillingar, så stilte og Vitengarden med ein kjekk gjeng aktivitetsvertar, samt grillar og bevertning for blide og fornøgde deltakarar.

Gruppebilde av nokon av dei kjekke aktivitetsvertane på Friluftsdagen 2024. Foto: Andreas Lange

I tillegg til dei som vart nemnd tidlegare ønskjer arrangørane å rette ein stor takk til:

Elevar ved Nærbø ungdomsskule gjennom prosjektet «Innsats for andre».

Jæren Folkehøgskule si linje for sosialt arbeid.

Alle frivillig som bidrog i frå frivilligsentralen.

Friluftsdagen er støtta med midlar i frå kulturavdelinga i Rogaland Fylkeskommune.

Lyst til å besøke Vitengarden og prøve kjekke aktivitetar ute og inne? Trykk her for opningstider, eller trykk her for oversikt over kommande arrangement

Treng ditt lag, bedrift eller foreniing ein kjekk utflukt? Les meir om våre teambuilding aktivitetar på Vitengarden, trykk her