Super:bit-kampen 2024

Hei, super:bit-lærare! ☺️  

Påmeldinga til super:bit-kampen er open frå 4. mars til 22. mars 2024!   

Super:bit-kampen er ein programmeringskonkurranse i regi av vitensentra, NRK Super og Lær Kidsa Koding.

Kvart lag må bestå av to-tre barn i alderen 10-13 år (5.-7. trinn), og ein vaksen kontaktperson – det kan vera ein lærar, ein foresatt eller ein frå kodeklubben de er ein del av. Kvar skule kan melde på fire lag, og kvar kodeklubb to lag.

Eit lag frå delfinalerunde på Vitengarden kjem vidare til Gullfinale og får eit nytt oppdrag 29. april. !

Vitengarden tek imot 12 lag laurdag 20. april 2024 kl. 10.00 – 15.00.  

Viktige datoar:

  • 4. mars -22. mars : Påmelding
  • Laurdag 20. april: Regional delfinale på Vitengarden kl. 10.00 – 15.00
  • 29. april: Vinnarlaget frå Vitengarden får tilsendt eit Gullfinaleoppdrag
  • 31.mai : Frist for innsending av Gullfinaleoppdraget
  • Vinnaren av super:bit-kampen blir kåra veke 23

Førebuing til delfinalen: 

1) Lag ein fjernstyrt Bit:Bot:

Laget må på førehand programmera – og ta med – ein Bit:Bot som blir styrt med ein fjernkontroll (radiostyrt). Etter påmeldinga får kvart lag tilsendt kva radiogruppe de skal bruke. Eit av oppdraga på delfinalen er å køyre ei hinderløype med lagets radiostyrte Bit:Bot. De bør øve på å køyre Bit:Boten med fjernkontrollen før delfinalen.

2) Lag ein samlearm:

Laget må på førhand laga og ta med ein SAMLEARM som de kan feste foran på ein Bit:Bot. Samlearmen skal brukast til å samla inn og skuve på nokre gjenstandar (Ca. L:3 cm, B:3 cm, H: 4 cm) på eit av oppdraga. Lengda på samlearmen kan væra maks 10 cm utanfor Bit:Boten og maks 14 cm brei. De bestem sjølve korleis samlearmen skal lagast og korleis de vel å feste den.

Les meir her: https://www.superbit.no/kampen-2024

Utstyret som brukast er det same som skulen din allereie har motteke når de har hatt besøk av Jærmuseet.

Kontaktperson Rogaland:
Monica Karlsen
mka@jaermuseet.no