I lag med Hole gard har me satt saman ei unik oppleving for grupper. Kom nær dyra og bli kjend med nymoderne gardsdrift. Handla kortreist mat og besøk vitensenteret på Jæren.
Agroturisme
Gardsbesøk, gardsutsal og opplevingar innan landbruksbasert turisme er blitt populært, og nå godt tilrettelagt på Jæren. Bli med på gardssafari, og treff bonden som vil fortella og visa fram sitt levebrød. Ekstra unikt med dette besøket er at dokk kan køyra gjennom fjoset med bonden som guide. Besøk kan bestillast alle vekedagar mellom kl. 10-14.
Hole Gard
Hole Gard tilbyr folk kortreist mat. Dei driv med mjølkeproduksjon og slaktekylling. Dei har eit godt utval i storfekjøtt i frå eigne dyr, men har og grønsaker og mykje anna godt som kjem i frå andre lokale bønder og produsentar.
På gardsutsalet deira kan du tappa di eiga gardsmjølk. Denne er nøysamt pasteurisert i ein langsam temperaturprosess som gjer at næringsstoffa og smaken blir godt bevart. Av denne har dei til og med fått produsert deira eigen is som kjem i porsjonsbeger, liter- og halvliterspann i ulike smaker.
Vitengarden
Eit besøk på Vitengarden er ein perfekt måte å oppdaga Jæren på. Start med ei orientering om Vitengarden, besøk dyra våre og nyt eit godt måltid, sett saman av lokalproduserte råvarer. Våre kokkar presenterer smakane, og dokker får nyta måltidet og den gode drøsen.
Alle besøk vil me skreddersy ut i får kva tema dok vil ha. Det går og an å utforska utstillingane på eige hand. Vitengarden tilbyr og møtefasiliteter.
Pris per person kr. 495,- inkluderer;
- Inngang på Vitengarden
- Omvising og historieforteljing om eit valfritt tema
- Måltid kor våre kokkar har satt saman ein smakrik og mettande tallerken med kortreist mat
- Kaffi/te og noko godt å drikke
- Smaksprøvar
- Gardssafari
Vitengarden har ein flott butikk med unike gåveartiklar for store og små. Alle i turfølget får 10% rabatt på besøksdagen, og på Hole gardsutsal har dei klar smaksprøver og kaffi.
Minimum 10 personer. Gruppa må sjølv ordna transport.
Bestilling
Ta kontakt med oss i dag for meir informasjon sånn at me kan gje deg det opplegget dok ønsker. Kontakt oss på e-post vitengarden@jaermuseet.no eller ring oss på telefon 47 77 60 20. Eller du kan fylla ut og senda inn skjema under.