SNU

Jenter som hopper i en fontene.

Utstillinga SNU står utandørs og inneheld åtte interaktive stasjonar.

Klarer du stå imot full orkan? Eller bruka energien frå kroppen til å vera ein menneskeleg jojo – fleire meter opp i lufta? Vert rumpa di varmast med energi frå sola, eller med torv? Klarer du skyta høna med hjelp av Brynepumpa? Eller får du til å programmere fontenen, Vassdansen?

Utstillinga – som har fått navnet SNU – inviterer dei besøkande til å bruka kroppen medan ein opplever ulike energikjelder; dei me har brukt før og dei me bruker i dag. Fordeler og ulemper skal utforskast – me treng meir energi og utsleppa av CO2 skal ned. Kanskje finn du løysinga? Kva med framtida – skal me SNU?

Fleire av stasjonane gir kitling i magen, og er gilde for dei større barna. Det er òg eit stort område ute der dei minste vil kosa seg – med vatnleik, pumper og vannpistol.

Våren 2022 vart utstillinga utvida med to nye element:

VASSDANSEN – Her skal publikum lære om koding og programmering ved å styre høgda på dei ulike vasstrålene.

INNSEKTSVENLEG BED – Vitengarden ønskjer å bidra til å gi humler, bier og andre insekt god tilgang til nektar og pollen, samstundes som dei bidreg til pollinering.

 Equinor Morgendagens Helter har støtte utviklinga av SNU med økonomiske midler.