SAUEN

Utstillinga «Sauen» er ei permanent utstilling på Vitengarden. Bakgrunnen for utstillinga er ein 200-år gammal tradisjon med å føre sauer til høgheiene om sommaren. I dag kjem dyra frå kysten av Randaberg i vest til Grimstad i aust, dei blir ført til fjellet i Rogaland og Agder medan gjetarane/heiasjefane kjem hovudsakleg frå Jæren. Det er ein levande tradisjon som har klart å omstille seg etter endringar i samfunnet, og den er unik for denne delen av landet. Tilsvarande ordningar fins i landa kring Middelhavet, men er der under sterkt press.

Heiaføringa er eit gode for sauen, og for dei delane av folket som ikkje er i kontakt med landbruksnæringa; dyra held utmarka open og legg slik til rette for allmenn ferdsel, det gjeld både i høg- og lågheiene. Dessutan sikrar ordninga at vi beheld kulturlandskapet og dei biologiske verdiane det representerer. Dette er ei ordning det er god grunn til å feire i ei tid der avstanden mellom bonde og forbrukar er veksande, og det blir stilt spørsmål ved sauen sine klimagassutslepp. Vi vil at publikum skal reflektere over dette husdyret sin plass i menneska sine liv i ein lang tidshorisont og kva plass dyret skal ha i Norge i framtida. Målgrupper er barn og ei vaksen allmenn publikumsgruppe.

Utstillinga har fire ulike soner:

  1. Ein småfeklinikk, der barn tek på seg rolla som veterinær, undersøker sauer og lam og stiller diagnosar. Deretter må dyra behandlast. Treng dei antibiotika? Må føtene bandasjerast? Eller kan dei rett og slett aldri verta friske?
  2. Heiaføringa og årssyklusen saman med sauen i samtid og fortid fortald gjennom foto. Bygger på materiale samla inn av museet nyleg, på byrjinga av 1990-talet og eldre historisk materiale i samarbeid med Jæren Smalelag, heiasjefar og sauebønder i distriktet, lokale lag av Sau og geit, frivillige som driv trening av gjetarhundar, næringsmiddelindustrien og mange andre.
  3. Sauen og sauehaldet tolka av filmkunstnar Anne Helen Robberstad, ein større kunstinstallasjon.
  4. Hundre ting om sauen. Gjennom museumsgjenstandar og andre ting formidlar me sauen sin plass i vår kultur.

Vitengarden tek imot grupper på dag- og kveldstid og sørger for god servering, omvising og møterom om det er behov for det.

Her er nokre glimt frå opninga av utstillinga:

Kontaktpersonar Jærmuseet