Men mat må me ha…

Mat må me ha! Men kor kjem han frå? Frå butikken? Dette vil me du skal gjera deg opp nokre tankar om når du går i utstillinga. «Men mat må me ha» står inne i hovudetasjen på Vitengarden.

Jæren er det viktigaste matfatet i Norge. I eldre tid hadde Jæren eit mildt klima og eit landskap med stein, lynghei, vatn og myrar. Dei som budde her, dyrka det opp og levde av å produsera mat til seg sjølve og andre.

Bonden fekk hjelp av smedar som kunne laga reiskapar til den steinete jorda. Smiene blei til fabrikkar, og Jæren til eit senter for reiskapsproduksjonen til jordbruket. Så forsvann dei fleste reiskapsfabrikkane, men forsvann også den teknologiske kunnskapen?

Bruk sansane dine og utforsk denne lokalhistoria. Rammene er det moderne jordbruket. Og me spør: Må me ha den maten dei produserer her? Treng me norsk jordbruk?