Teknologi og landskap

Denne utstillinga handlar om landskapsendringane på Jæren. Her kan du gå inn i ei myr, eller prøva teknologien som gjorde det mogleg å dyrka opp Jæren.

«Yve-sått med kampestein, trelaust og berrt», skreiv Arne Garborg om Jæren. Det meste var brunt på Jæren for 150 år sidan, berre her og der var det ein liten grøn flekk. Slik er det ikkje i dag. Her inviterer vi deg til å ta i bruk dei interaktive stasjonane og bli kjent med koss Jærlandskapet blei til og kva teknologi bøndene brukte for å omskapa det til jordbruksjord.