3. juli - 31. juli
Vitengarden, Kviavegen 99, Nærbø

Bondekona har i juli flytta inn i heimehuset på Kvia 4H-gard, som er ein del av Vitengarden. Her ønsker ho gjestene velkommen og serverer smaksprøvar av jærsk tradisjonsmat, som mårrpølse, tjørvelsuppe og nykinna smør og eplekaker. Kanskje får du tips til gode oppskrifter?

Bondekona fortel òg om livet på garden, og arbeidet ho gjer i huset. Søndagane har ho fri frå arbeidet, men ho er å treffa måndag – fredag kl. 12 – 15.

På garden er det elles mange dyr å treffa. Høner, lam, kyr, griser og hester set alle pris på kos.

Velkommen til gards!