Sommaraktivitet: Kulebane

11. juli - 15. juli
Vitengarden

På Vitengarden er det store områder å utforska, både inne og ute. Her kan du bruka timevis med store og små barn, besøka dyra på garden, hoppa i høyet, kjenna på orkan i «Blåsten», programmera «Vassdansen», besøke skattane i den mørke myra eller kjempa mot roboten i ostepakking.

Denne veka vil kan du i tillegg til alle dei interaktive utstillingane, leika med kulebane. Samarbeid med andre og sjå kor lang bane du kan laga? Kan du få kula gjennom ein loop? 

Aktiviteten er kl 12-15.

Alle aktivitetane er gratis når inngangsbillett er betalt.

Kafèen serverer heimebakte rundstykker, suppe, lapper og kake. Det er sal av is, kaffe, brus og juice. Vitengarden er og tilrettelagt med grillar som fritt kan nyttast på uteområdet.