Populært med digital kodeundervisning

Grunna høg etterspurnad, får òg 9. klassingar nå tilbod om å delta på «Kodekraft» – eit gratis, digitalt undervisningsprogram om programmering.

På landsbasis deltok kvar fjerde elev på 10. trinn på «Kodekraft» i 2020. På grunn av stor etterspurnad, vil nå 9. klassingar få tilbod om å melde seg på.

Kodekraft er ein undervisningspakke på to skuletimar, skreddersydd til læreplanen for 9. og 10. trinn. Elevane deltek anten frå klasserommet eller via heimeskule. Den fleksibiliteten med å tilpassa litt etter behov har nok vore nøkkelen til suksess det siste året, kor skolekvardagen stadig har endra seg, seier Jærn Hafver, ansvarleg for Kodekraft i Jærmuseet.

Det er ti regionale vitensentre som har gått saman om å lage Kodekraft. Støtte frå Equinors talentprogram Morgendagens gjer at dette kan leverast kostnadsfritt til skulane. Noko som er særs viktig.

Leverer til heile Rogaland

Så langt har formidlarane i Jærmuseet gitt Kodekraft til over 1000 elever frå heile Rogaland. Det aller meste foregår digitalt, men viss smittesituasjonen tillet det, kjem pedagogane óg ut til den enkelte skule. Tilbakemeldingane frå både lærarar og elever er særs positive – dette er eit tilbod som fungerer i ei spesiell tid og eit opplegg som inspirerer og motiverer elevane.

Nå er altså Jærmuseet klare til å gje eit tilbod til både 9. og 10. klassingar i Rogaland.

Bestille Kodekraft

Ynskjer du å bestille Kodekraft gratis for din skule/klasse? Send inn bestillinga via dette skjemaet så tek me kontakt snarast.

Fakta om Kodekraft
  • Kodekraft er eit undervisningsprogram for 9. og 10. trinn som bidreg til elevane sin kompetanse innan programmering og energi, kobla til både eksisterande og ny læreplan.
  • Programmet er utvikla av ti regionale vitensentre i samarbeid med Equinors talentutviklingsprogram Morgendagens Helter, kor selskapet støttar unge talenter innan realfag, idrett og kultur.
  • Undervisningen sin hovuddel varer i 90 minutt. Den legg opp til at elevane i stor grad arbeidar praktisk med programmering frå klasserommet eller heimeskule.
  • Programmet krever hverken forkunnskap eller spesialutstyr. Elevane følger undervisninga via PC eller nettbrett
  • Les meir om undervisninga på www.kodekraft.no
Om Equinor Morgendagens helter

Equinor arbeider tett med fleire av landets vitensentre gjennom sitt talentutviklingsprogram Morgendagens helter, der satsing på realfag står sentralt. Morgendagens helter handlar om å løfta fram mennesker med evne og vilje til å tenke annleis, og med kompetanse til å arbeide hardt for å oppnå eineståande resultat.

Kontaktpersonar

Prosjektleiar for Kodekraft i Jærmuseet, Jørn Hafver: joh@jaermuseet.no / telefon 911 66 936