Årets museum
måndag 21 mai 2012 TekststørrelseAA

Motta e-brev

E-postSkriv ut

Jubileumsårboka er komen!


Kva gjev ein til folk som har alt? Kva med Jærmuseet si jubileumsårbok 1985 - 2010? Kjøp boka på Vitengarden, Vitenfabrikken og i lokale bokhandlarar. Pris kr. 295,-.

Jærmuseet er i dag både museum og vitensenter.Jærmuseets Årbok 1985-2010
Kjerneaktiviteten i eit vitensenter er populærvitskapleg formidling gjennom interaktive utstillingar og eksperiment. Den pedagogiske verksemda vil ha eit sterkare fokus i eit vitensenter enn i eit tradisjonelt museum. Samtidig skal Jærmuseet ta hand om grunnleggande museumsoppgåver som innsamling, bevaring, dokumentasjon og forsking - og fornying.

Samspelet mellom museumsrolla og vitensenterrolla gir òg styrke og mulegheiter i forhold til tradisjonelle vitensentra. Musea sin tilgang til samlingar, historie- og tradisjonskunnskap inneber at institusjonen lettare kan sjå naturvitskap og teknologi i samanheng med historiske og samfunnsmessige utviklingsliner, og knyta formidlinga til kulturelle og almenndannande rammeforteljingar.

Museumsaskeladden_smallJærmuseet har i dag driftsansvaret for, eller er i ferd med å overta driftsansvaret for, anlegg og prosjekt i alle dei sju stiftarkommunane.

Anlegg i alle kommunane blir presenterte i eigne artiklar i denne årboka.
Og me har kosta på oss ei eiga jubileumssoge for Jærmuseet, skriven av faghistorikaren Lars Gaute Jøssang. «Museumsaskeladden på Jæren» har han kalla artikkelen sin.

Ved oppstarten i 1985 hadde Jærmuseet ein tilsett mekanikar, i 2010 stod over 80 personar på lønningslista - fordelt på vel 50 årsverk. Jærmuseet var det nyaste, og lenge det minste, av dei fem regionmusea i Rogaland.

I dag er det det største regionmuseet i fylket; eit moderne museum som både har fått nasjonal og internasjonal museumsheider, og som i fylgje eksterne vurderingar held høg internasjonal kvalitet. Jøssang prøver både å spora kva drivkrefter i organisasjonen og miljøet omkring som har tilskunda denne utviklinga, og kva samfunnsmessige rammevilkår og utviklingstrekk som kan ha «rydda veg» for ein slik vekst.




Del artikkel | Sist oppdatert 16. desember 2010
 
Gi oss dine synspunker slik at vi kan gjøre sidene bedre. Takk.