Årets museum
onsdag 22 februar 2012 TekststørrelseAA

Motta e-brev

Samlingar og arkiv

Musea har i oppgåve å vera samfunnsminne. Dette gjer vi gjennom å driva med innsamling, dokumentasjon, forsking og bevaring.

Jærmuseet har særleg samla og dokumentert lokalhistorie gjennom prosjekt knytta til ulike sider ved jordbrukshistoria i nyare tid. Materialet frå prosjekta er foto-, intervju- og arkivmateriale.

Innsamlinga av gjenstandar har vore meir bestemt av tilbod me har fått som høver til det som er museet sine tema. I volum er det jordbruksreiskapar frå det mekaniserte jordbruket som dominerer. I det siste tiåret har museet fått ansvar for fleire andre museum, med til dels store samlingar. Eit av desse er Jonas Øglænds bedriftsmuseum. Det inneheld ei stor samling av syklar. The World, DBS og Tempo var alle syklar som beli produserte på Sandnes.

Her kan du lesa noko meir om samlingane i Jærmuseet og korleis me tek vare på dei.
 
Gi oss dine synspunker slik at vi kan gjøre sidene bedre. Takk.