Årets museum
onsdag 22 februar 2012 TekststørrelseAA

Motta e-brev

Foto og film

Det er fotosamlingar i mange av privatarkiva. Vi reknar med at museet har om lag 135 000 fotografi i desse samlingane. Av desse har me pr. i dag digitalisert om lag 11 000. Fotografia blir katalogiserte i museet sin database. I tillegg tar museet mykje foto sjølv som dokumentasjon av eigen aktivitet eller i samband med ulike dokumentasjonsprosjekt.

Museet si eiga fotosamling er på anslagsvis 100 000 foto. Av dette er 65 000 foto tatt som digitale opptak. Resten er lysbilete og negativ film i farge og svart-kvitt.

Det er muleg å sjå gjennom fotosamlingane på museet. Då må det gjerast avtale på førehand. Fotosamlinga blir oppbevart ved hovudkontoret til Jærmuseet på Vitengarden, Nærbø. Frå 2010 har me også begynt å publisera delar av samlinga på internett. Det skjer både på Fotonettverk Rogaland si heimeside og på Digitalt museum. Her er det vel 2000 foto frå samlingane våre. Me legg ut nye foto etter kvart.

Det er muleg å bestilla foto til bruk i publikasjonar.
Ta kontakt på e-post Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa eller bestill direkte frå nettet.

Dokumentasjonsprosjekt ”Med sauen til heis” (JÆF006)

 

I 1991 tok Jæren Smalelag kontakt med Jærmuseet om det kunne være interessant å dokumentere sauedriften med vekt på heieføring og livet i heia.

Fotosamling JÆF004 – Kverneland ASA

 

Her er det er ikkje mindre enn 100000 bilete, frå gamle postkort av fabrikkanlegget til moderne produktfotografi til reklameformål.
 

Fotosamling JÆØF – Jonas Øglænd, Sandnes

Fotosamlinga etter storbedrifta Jonas Øglænd Sandnes ble en del av Jærmuseet når Øglænds bedriftsmuseum gikk inn i Jærmuseet i 2001. Denne samlinga viser seg å være en nokså typisk fotosamling etter en storbedrift.

Potetsetting med hand- heste- og traktorutstyr

I 1991 inviterte museet og dei lokale 4H-klubbane i Hå til aktivitetsdag der me viste korleis ein sette poteter med hand-, hest-  og traktorreiskap.

 

Dokumentasjon: Såpekoking på Jæren

Me samlar kunnskap om arbeidet på garden, både innomhus og i jordbruket. Her er ein film om å koka såpe av sauefeitt.
 
Gi oss dine synspunker slik at vi kan gjøre sidene bedre. Takk.