JÆRMUSEET – REGIONALT VITENSENTER
Jærmuseet er det regionale vitensenteret for Rogaland og Agderfylka. Det regionale vitensenteret består av vitensenterutstillingane på Vitenfabrikken, Sandnes, Vitengarden, Nærbø, og det omreisande realfagsprogrammet Jærmuseet-Science Circus.
KVA ER EIT VITENSENTER?
Eit vitensenter er eit museum eller opplevingssenter der ein formidlar kunnskap om naturvitskap og teknologi gjennom interaktive utstillingar og eksperiment.
Eg gjer - kva skjer?
På vitensenteret kan både barn og vaksne eksperimentera med modellar og utforska teknologi og naturvitskaplege fenomen i felleskap med andre. Du skal erfara koss teoriar fungerer i praksis og koss teknologien blir brukt i forsking og arbeidsliv.
Utstillings- og formidlingsmetodane skil vitensentraene frå tradisjonelle museum - på vitensenteret skal publikum sjå og røra. Vitensentraene bygger si formidling på eit aktivt læringssyn - barn og unge skal "læra ved å gjera ".
Eller for å sitera det gamle kinesiske ordtaket:
Eg høyrer og eg gløymer, eg ser og eg hugsar, eg gjer og eg forstår".
Kvifor satsa på vitensenter?
Vitensentraene skal legga til rette for at folk flest får betre kjennskap til og kunnskap om den teknologien som omgir oss i kvardagen, og koss naturvitskapen og den teknologiske utviklinga påverkar samfunnet rundt oss.
Dei skal bidra til å auka interessa for naturvitskap og teknologi, og motivera barn og unge til å velja utdanning innanfor desse faga. Rekrutteringa til realfag er i dag faretruande låg, og Norge kan om kort tid oppleva betydeleg mangel på bl.a. ingeniørar, forskarar og realfagslærarar. Mangel på realfagskompetanse og sviktande interesse for naturvitskap og teknologi trugar nyskaping og framtidig næringsutvikling.
Eit levande demokrati krev og at folk forstår samanhengane mellom natur, kultur og teknologi.
".... Ein kan vanskeleg meistre, forstå eller påverke samfunnet i dag utan grunnleggande kunnskap om naturvitskap og teknologi, og konsekvensane dei har for naturgrunnlaget og miljøet. Kunnskap om naturen og naturkreftene og bruk av ulik teknologi formar livet vårt på same måten som det formar om naturen på heilt gjennomgripande måtar..." (L97).
Vitensentraene skal m.a. medverka til å realisera desse måla i læreplanen for grunnskulen.
For meir informasjon om vitensentra i Norge, sjå: www.vitensenter.no
"Menneska har ikkje forstått før dei kan bruka kunnskapen i ein ny situasjon"
(Howard Gardner)
|
|
|
|
Sist retta 18.5.07 ods









