Du er her: Jærmuseet  >  Vitengarden  >  Utstillingar  >  men mat må me h...  >  fabrikken

Frå smed til robot, eller Bonde og reiskapsfreak

Ein gong i tida var bonden smed og sjølvhjelpt med reiskap og utstyr. På 1800-talet blei smeden handverkar og laga utstyr til bøndene i bygda. Nokre tok steget frå bygdesmia til fabrikken. På 1900-talet blei mest alle norskproduserte jordbruksreiskap laga på Jæren.

Den korte vegen mellom bonde og produsent gav gode vilkår for ideutveksling og produkttesting. Det er ein av forklaringane på suksessen til jærindustrien og den historia vil me fortelja.

Eksperiment under tema er:

3310 Plogpotling - set saman ein hesteplog som om du arbeidde hos Kverneland, Underhaug eller Kyllingstad rundt 1950.

3360 Plogkropplaging - lag ditt eige smykke eller nøkkelknippe med form som ein plogkropp.

3361 Plogkroppsmykkelaging - her set du hol i plogkroppen, pussar og filar slik at den blir som du vil ha den.

3501 Labyrintkulekjøring - styr kula langs den merka vegen, det er ikkje enkelt!

3511 Robotprogrammering - her kan du programmera ein traversrobot og få den til å gjera som du vil.

7210 Giring - finn ut korleis eit gir verkar.

___________________________________________________________________
Neste tema:
Studiemagasinet Les meir her

Aktuelt
Husflidens dag på Vitengarden sundag 12. september

Jæren Husflidslag og Jærmuseet Vitengarden inviterer store og små til Husflidens dag, sundag 12. september. Norges Husflidslag feirer 100-årsjubileum og Jæren Husflidslag vert 25 år i år. Kom og ver med på feiringa!

Eksos og motorbrøl

Sjå bilete frå teknikkens dag på Vitengarden.

Kem gidde vera Afrika?

I slutten av september opnar utstillinga "Ei verd på spel" på Vitengarden, eit 250m2 stort og urettferdig brettspel. Gidde du å vera Afrika?

Presseklipp