men mat må me ha...
Mat må me ha! Men kva er mat og kor kjem han frå? Frå butikken? Dette vil me du skal gjera deg opp nokre tankar om når du går i utstillinga.
No står du i det viktigaste matfatet i Norge.
Starten var eit mildt klima og eit landskap med stein, lynghei, vatn og myrar. Dei som budde her dyrka det opp og levde av å produsera mat til seg sjølve og andre.
Bonden fekk hjelp av smedar som kunne laga reiskapar til den steinete jorda. Smiene blei til fabrikkar, og Jæren til eit senter for reiskapsproduksjonen til jordbruket. Så forsvann dei fleste reiskapsfabrikkane, men forsvann også den teknologiske kunnskapen?
Bruk sansane dine og utforsk denne lokalhistoria. Rammene er det moderne jordbruket. Og me spør: må me ha den maten dei produserar her? Treng me norsk jordbruk?
Utstillinga har fleire undertema:
Mat, eller Kvifor et me så grævligt mykje?Les meir her
Kva mat blir produsert?Les meir her
Frå smed til robot, eller bonde og reiskapsfreakLes meir her









