Utstillingar
På Vitengarden skal du kunne ha det kjekt ein heil dag. For å få dette til må utstillingane engasjera.
Derfor har me laga vitensenterutstillingar. På Vitengarden skal publikum læra med å gjera – altså blir du invitert til å vera aktiv og sjølv finna ut av ting – til dømes: Korleis programmera ein robot, korleis går maten gjennom ei ku eller kva kan ein finna inni ei myr?
Vår oppgåve som museum er å dokumentera og formidla den nyare historia til regionen, som vitensenter skal me skapa interesse for naturfag og matematikk. I vitensenterutstillingane prøver me å kombinera dette.
I studiemagasinet finn de tradisjonelle gjenstandsutstillingar.
Dei ulike vitensenterutstillingane
Teknologi og landskap – om landskapsendringane på Jæren. Her kan du gå inn i ei myr, eller prøva teknologien som gjorde det mulig å dyrka opp Jæren. Les meir her.
Byggeskikk – om husa som var ein del av landskapet. Her kan du mellom anna lafta eit jærhus. Les meir her
Men mat må me ha – om kor maten me et kjem frå. Her kan du finna ut kvifor du må eta, laga deg ein plog, bli kjent med kva som er inni husdyra våre og mykje meir. Les meir her.
Studiemagasinet
I studiemagasinet har me samla gjenstandar som måtte til for å produsera maten og gjenstandar som var vanlege i heimar på Jæren frå 1800 til 1950. Les meir her.
Sommarutstilling 2007
Me har ein spennande sommarutstilling, med produkt til å sjå og kjøpa: "Vyer" Husflidshandverkarar stiller ut på Vitengarden. Les meir her









