Du er her: Jærmuseet  >  Vitengarden  >  Undervisningstilbod ved Vitengarden

Undervisningstilbod ved Vitengarden

”Læra ved å gjera”

Stad: Nærbø

Kvia 4H-gard.

Kvia 4H-gard er ein gard frå slutten av 1800-talet som er ein del av Vitengarden. Garden har heilårsdrift med gamle husdyrrasar, og har kyr og kalvar, grisar og grisungar, høns, hanar og kyllingar, hestar, sauer og bier. Garden vert driven med utgangspunkt i 1950-åra. Mesteparten av arbeidet tilknyta undervisningsopplegget vert difor gjort med hest og reiskapar frå den tida.

Kviahuset(gamlehuset) er innreidd og brukt slik tilhøva tilsa rundt år 1950. Skulegrupper kan vere med på husarbeid som baking av potetkaker, syrekaker, flatbrød og lefser. I brunnhuset vert det separert mjølk og kinna smør.

Undervisningsopplegga

Undervisingsopplegget ”Læra ved å gjera” er bygt opp omkring vitensenteret, Kvia 4H- gard og Hanabergmarka kulturminne – og friluftsområde. Elevane får vera med på praktisk gardsarbeid gjennom året, samt få ei innføring i lokale mattradisjonar. Utstillingar og gjenstandar blir trekt inn i formidlinga. Naturfagundervisinga vektlegg biologisk mangfald.

Jærmuseet avdeling Vitengarden er eit pilotprosjekt for vitensentra i Noreg. Gjennom interaktive utstillingar og eksperiment kan publikum møta vitenskap og teknologi gjennom eigen aktivitet.

Utstillings- og formidlingsmetodane skil vitensentra frå tradisjonelle museer – på vitensenteret skal publikum sjå og røra. Vitensentera bygger si formidling på eit aktivt læringssyn – barn og unge skal ”læra ved å gjera”.

Kvar målgruppe har eigen aktivitetsplan:

Barnehage

Barnetrinnet

Ungdomstrinnet

Vidaregåande

Høgskule/Universitet

SFO og ferieklubbar

Kulturlandskapet

 

Tilbod om lærarkurs

 

Tilbod om barnehagekurs

 

Forskarfabrikken

Praktiske opplysningar

Kor finn de oss?

Vitengarden held til på Nærbø. Me tilrår at de kjem med buss. Dersom anna transport, gjer avtale med vitensenteret.

Kva kostar eit klassebesøk?

For grunnskulen er det gratis, i tillegg får elevane fribillett ut året.

For SFO kostar det kr. 20 pr. pers. + kr 200 for omvising

For VGS-elevar kostar det kr. 20 pr pers. + 200 kr per undervisningstime

Kor bestillar ein?

Ring:

Knut G. Austad, tlf. 952 94 519 / knut.g.austad@jaermuseet.no

Magne Hognestad, tlf. 952 94 536/ magne.hognestad@jaermuseet.no

Aktuelt
Jærlappen nr 1 2010

Jærlappen er vennelaget for Jærmuseet Vitengarden sitt medlemsblad.

Flått, kanskje vårt farlegaste dyr?

Torsdag 18. mars inviterar me elevar i vidaregåande skular til eit spanande formidlingsopplegg om Flått - kanskje vårt farlegaste dyr?

Nytt undervisningstilbod i bruk av GPS

Våren 2010 tilbyr Vitengarden det nye undervisningsopplegget "Praktisk bruk av GPS". Opplegget er retta for elevar i geografi VG1.

Presseklipp