Du er her: Jærmuseet  >  Vitengarden  >  Museumsbygget

Museumsbygget

Museumsbygget på Kvia sameinar jærsk identitet og byggetradisjon med eit moderne formuttrykk.

Museumsbygget på Kvia sameinar jærsk identitet og byggetradisjon med eit moderne formuttrykk. Utfordringa var å skapa eit praktisk museumsbygg som skulle tilpassa seg eit sårbart og særprega kulturlandskap. Sjølv om dette er ein stor bygning, stikk den seg ikkje fram, men følgjer linjene i landskapet og opplevast som ein del av jærlandskapet omkring.

Første byggetrinn sto ferdig i 1995 og består av ein hovudbygning med administrasjon, bibliotek, kafé, magasin og noko utstillingsareal, samt auditorium og verkstad. På nivå med underetasjen er tilkomst til magasin, verkstad og eit vognhus frå ein gardsplass på nordsida.

Andre byggetrinn stod ferdig i 2002 og inneheld ein stor utstillingshall i første etasje og magasin og studiemagasin i underetasjen. Utstillingshallen knyter direkte til hovudbygget i begge etasjar. Areala er store og samanhengande. Anlegget utgjer vel 4000m², av dette omlag 1200m² utstillingsareal, og om lag 500 m² åpe studiemagasin.

Det er brukt mykje stein i fasadane. Veggane samspelar med steingardar og støttemurer, og bygningen er trekt ned i terrenget og inn i landskapet. Jærmuseet bygger vidare på den lokale byggeskikken mot. innvendig og utvendig materialbruk. Tradisjonane er vidareutvikla i konstruksjonar og detaljar med dei muligheitene ny teknologi gir.

Bygget er bygd i betong, naturstein, tre, stål og glas. Søylene er dreidde, i laminert tre, og står i eit modulnett på 7,2 x 7,2 m. Samanføyingar og festedetaljar er i ubehandla stål. Bæresystemet for øvrig er i tre (skurlast), og all trelast er skåre med bandsag.
Kledning utvendig er i osp med varierande breidder i panelet. Taket er utvendig kledd med kreosotimpregnert furu. Store deler av ytterveggane er forblenda med naturstein. Magasinet i underetasjen har veggar i betong og betongsteinsblokker.

Arkitektar: siv.ark. Einar Myklebust, Thomas Helliesen, Lars Hallgren.

Einar Myklebust: "Vegen fram til museumsbygg", Sjå Jæren 1995

Artikkel frå The Architectural Review august 1996

Retta 18.05.07 ods

Aktuelt
Flått, kanskje vårt farlegaste dyr?

Torsdag 18. mars inviterar me elevar i vidaregåande skular til eit spanande formidlingsopplegg om Flått - kanskje vårt farlegaste dyr?

Nytt undervisningstilbod i bruk av GPS

Våren 2010 tilbyr Vitengarden det nye undervisningsopplegget "Praktisk bruk av GPS". Opplegget er retta for elevar i geografi VG1.

Årleg vedlikehald på Vitengarden

Dei to fyrste vekene i januar vil det vera årleg vedlikehald på Vitengarden. På grunn av dette vil deler av utstillinga til tider vera stengt, og alle besøkande vil få gratis inngang.

Presseklipp