Vennelaget
Føremålet for Vennelaget for Jærmuseet - Vitengarden er å vera ein aktiv støttespelar for Vitengarden og skal samla folk som er interessert i dette, og som er villige til på forskjellig vis å vera med og fremja utviklinga av Jærmuseet - Vitengarden.
Vennelaget og medlemmene skal arbeida aktivt for å gjera Viten­garden, og dei aktivi­tetane som vert drivne der, kjente i lokalmiljøet. Vennelaget skal vidare hjelpa til praktisk ved arrange­ment av ulike slag, organisera dugnad når noko anna spesielt skal gjerast.
.
Vennelaget gjev to gonger i året ut eit medlemsblad, kalla ”JÆRLAPPEN”, som har nyttig informasjon om Jærmuseet, både om Vitengarden, men og om dei mange andre anlegga innanfor Jærmuseet.
.
Medlemmer i Vennelaget kan vera enkeltpersonar, familiar, bedrifter og organisasjonar. Bedrifter som er sponsorar eller teiknar annonser i årboka for Jærmuseet er automatisk medlem­mer i Vennelaget og får utanom årboka ”Sjå Jæren” tildelt 2 enkle frikort til Jærmuseet og får medlems­bladet tilsendt.
.
Privatpersonar betaler ein årleg medlems­kontigent på kr 350,- eller kr.600,- for familiar.
Medlemmane har då fri adgang til alle Jærmuseet sine anlegg og alle utstillingar som vert arrang­erte der. Enkeltmedlemmar får fri adgang for seg sjølv, familiar får fri adgang for foreldre og eigne barn. Dessutan får ein Vennelaget sitt medlemsblad og eit eksemplar av Jærmuseet si årbok ”Sjå Jæren” fritt tilsendt.
.
Styret for året 2009 er:
Formann: Svein Inge Årrestad, Nærbø
Nestleiar/referent:: Njål Ådne Njå, Stavanger
Styremedlemmer: Folke Ravndal, Klepp
Solveig Hadland, Time
Marta Bernssen, Nærbø
Varamedlemer til styret:
Mildar Thime, Klepp
Sverre Skjæveland, Nærbø









