SMAK! i vinterferien
Vitengarden inviterer store og små til ei spanande veke i vinterferien. Tema for veka er "SMAK! Tåre du å prøva?". Aktivitetane er opne frå måndag 22. februar til og med fredag 26. februar.
Kan ein rød slikkepinne smake lakris? Kor på tunga ligg sursmaken? Smaker kokte og rå gulrøtter likt? Kjenner du lukta på sjokolade?
Det vert slikkepinneverkstad, smaksverkstad og isshow kvar dag, måndag til fredag.
Slikkepinneverkstaden er for alle i 2. klasse og oppover - meld deg på dette når du kjem!
Bildet: lag din eigen slikkepinne - velg smak og farge!
Utstillingane, kafeen og butikken er sjølvsagt open - og dyra på garden er klar for stell og kos.
Velkommen til ei smakfull veke på Vitengarden!
Me har ope:
Måndag - fredag klokka 10:00 - 15:00
Laurdag stengt
Sundag klokka 12:00 - 17:00









