Utstillingar
Jærmuseet har utstillingar på alle sine anlegg rundt i regionen.
Her finn du ei samla liste over utstillingane etter tema og kan klikka deg vidare til meir informasjon.
Dersom du går inn på det enkelte anlegget finn du informasjon om dei utstillingane som er der.
...men mat må me ha…
Mat me må ha! Men kva er mat og kor kjem han frå? Frå butikken?
Jæren er det viktigaste matfatet i Norge. Kvifor?
Bruk sansane dine og utforsk denne lokalhistoria. Rammene er det moderne jordbruket. Og me spør: må me ha den maten dei produserar her? Treng me norsk jordbruk?
Utstilling på Vitengarden på Nærbø.
Klikk her og sjå kva du kan gjera i utstillinga.
...og hus skal me ha…
På det vêrharde Jæren har vêret, klimaet, landskapet og knappe materialressursar prega byggeskikken. I mangel på trevirke blei både torv og stein nytta til byggemateriale.
Utstilling på Vitengarden på Nærbø.
Klikk her og sjå kva du kan gjera i utstillinga om byggeskikk på Jæren.
Kven har skapt alle åkrane?
"Yve-sått med kampestein, trelaust og berrt", skreiv Arne Garborg om Jæren. Det meste var brunt på Jæren for 150 år sidan, berre her og der var det ein liten grøn flekk. Slik er det ikkje i dag.
Utstilling på Vitengardenpå Nærbø.
Klikk her og sjå kva du kan gjera i utstillinga om teknologi og landskap på Jæren.
Mat og handverk
I studiemagasinet kan du sjå gjenstander og reiskap frå ulike bygdehandverk på Jæren: tekstil-, snekker, tømmermann, smed og skomakar. Her finn du også kjøkkenutstyr frå ulike tidsperiodar.
Utstilling på Vitengarden på Nærbø.
Krossen havremølle
Ei havremølle "på rot". I Krossen havremølle får du innblikk i by- og industrihistorie. Mølla var i drift fra 1912 til 1988.
Mølla finn du på Vitenfabrikken
Klikk her og sjå kva du kan oppleva.
Leonardo da Vinci
Utstillinga presenterer nokre av dei mest kjente naturvitskaplege oppfinningane til Leonardo da Vinci (1452 - 1519). Rundt 30 interaktive tremodellar bygd etter teikningane hans.
Utstillinga står i Vitenfabrikken
Klikk her og sjå kva du kan oppleva.
Abelloftet
Abelloftet har fokus på matematikk i ulike former. Her er sykkel med firkanta hjul, varmesøkande kamera og planetarium med fjerne stjerner og gallaksar.
Dette er pilotutstillinga for vitensenteret i Sandnes.
Utstillinga står i Vitenfabrikken
Klikk her og sjå kva du kan oppleva.
Grødaland
Gardsanlegg ved havet. Jærhus frå 1700- og 1800-talet som viser korleis folk på Jæren budde på midten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet.
Miljøutstilling på Grødaland i Hå.
Klikk her og finn ut meir.
Limagarden
Limagarden er eit gardstun med bygningar frå perioden 1800 – 1939. Garden ligg i eit gammalt og vakkert kulturlandskap med flott utsyn over Limavatnet.
Miljøutstilling på Lima i Gjesdal.
Klikk her og finn ut meir.
Varden sjøredningsmuseum
Viser redningsbåten "Tryg" og utstyr frå redningsstasjonane på Jæren.
Utstillinga er i eige hus på Brusand i Hå.
Klikk her og finn ut meir.
Flyhistorisk museum
Utstillinga viser ei stor flysamling - både sivile og militære fly. Her er også interaktive eksperiment om det å fly.
Utstillinga tilhøyrer og blir drive av stiftinga Flyhistorisk Museum Sola.
Klikk her og finn ut meir.









