Du er her: Jærmuseet  >  Undervisning

Undervisning

Jærmuseet har eit omfattande undervisningtilbod. Du vil finna omtrent 70 ulike opplegg på desse sidene. I fjor var det over 40 000 elevar som fekk eit pedagogisk tilbod på dei ulike anlegga våre eller fekk besøk av vårt omreisande tilbod - Science Circus.

Me har samla tilboda i trykte undervisningskatalogar som du kan henta ned som pdf:

Grunnskulen og barnehagane finn du her

Grunnskule 2010 (merk: same som i 2009)

Vidaregåande skule finn du her.

VGS 2010 (merk: same som 2009)

Eller følg linkande nedanfor og sjå vårt samla tilbod. Du kan også gå til dei ulike avdelingane og lokale anlegga og sjå kva me har å tilby på nett den staden.

_________________________________________________________________

Science Circus - eit oppsøkande tilbod til skular

Stad: På din eigen skule

Opplegg for grunnskulen i Rogaland og Agderfylka

Eit besøk av Science Circus vil involvera store delar av skulen og skulen sine elevar og lærarar. Det består av: Show , interaktive utstilling, undervisningstimar og kompetansehevingskurs for lærarar. Les meir

___________________________________________________________________

"Læra med å gjera - midt i matfatet"

Stad: Vitengarden på Nærbø

Tilsaman 33 ulike opplegg for barneskulen og 10 ulike tilbod for ungdomstrinnet, alle med tema frå matproduksjon og kulturlandskap i vid forstand.

Undervisningskatalogen finn du her

Opplegga er bygde opp omkring vitensenteret, Kvia 4H- gard og Hanabergmarka kulturminne – og friluftsområde. Elevane er med på praktisk gardsarbeid og får innføring i lokale mattradisjonar. Utstillingar og gjenstandar blir brukt i formidlinga. Naturfagundervisinga vektlegg artskunnskap; insekt, fuglar, dyr og blomar.

_________________________________________________________________

Kulturlandskapet som klasserom

Stad: Hanabergmarka, Vitengarden på Nærbø

Opplegg for barn, ungdom og vaksne grupper

Hanabergmarka er eit utmarksområde på 700 dekar. Her er mange ulike natur- og kulturhistoriske element. Fornminne frå bronse- og jernalder, samt dokumentasjon om jordbruksdrift frå mellomalderen og fram til i dag er framleis synlege i kulturlandskapet. Område har ein variera flora og fauna. Les her

_________________________________________________________________

Grødaland - gardstun frå 1800- og 1900-talet

Stad: Grødaland og Brusand i Hå

Opplegg for grunnskulen

Kva med å BINDA OG BØTA GARN, oppleva OMGANGSSKULEN, læra om SJUKDOMAR, HELSE OG REINHALD, ha ei FORTELJARSTUND i eit gammalt hus, eller INNREIA ULIKE LEIKESTOVER?

Les her

___________________________________________________________________

"Læra med å gjera" - på Limagarden

Stad: Lima i Gjesdal

Opplegg for grunnskulen

Kva med å FISKA I LIMAVATNET , LAGA BÅL OG STEIKA- / KOKA MAT UTE, HAUSTARBEID MED FRUKT OG BÆR, RYDDA I KULTURLANDSKAPET?

Les her

___________________________________________________________________

" Leik med luft - kreftene i lufta"

Stad: Ved sjøflyhamna i Sola

Opplegg for grunnskulen og barnehagar på Flyhistorisk museum Sola

Både store og små som kjem på besøk til FMS let seg fascinera når dei får komma tett inn på flya og studera store og små fly på nært hald.

Les her

Sist retta 01.2010 erb

Aktuelt
Aktivitetskalendar hausten 2010

På alle avdelingane i Jærmuseet er det full aktivitet i heile haust, og masse spennande å finna på for store og små. Alt frå gode foredrag til aktivitetsdagar for heile familien.

Legatpengar til Nasjonalt Garborgsenter

Tysdag 29. juni vart pengar frå Fylkesmann John Norem og hustru Thora Margrethes legat delt ut til 3 heldige vinnarar. Nasjonalt Garborgsenter var av desse.

Jærmuseet søker økonomisjef

Jærmuseet har ei nyoppretta stilling som økonomisjef, og søker etter ein person som får totalansvar for rekneskap, budsjett og IT-drift.

Presseklipp