Science Circus
Science Circus er eit omreisande vitensenter - eit vitensenter på hjul!
Science Circus har som målsetting å pirre nysgjerrigheita og undringa til barn og ungdom innan naturvitskap og matematikk. Vi prøver å stimulere alle deler av skulesamfunnet.
- Vi reiser rundt til skuler i fleire fylke med vårt mobile vitensenteropplegg.
- Vi held lærerkurs innan ulike emne i naturfag.
Jærmuseet Science Circus er eit omreisande vitensenter som reiser rundt til grunnskulane i Rogaland, Sogn og Fjordane, Hordaland og Agder-fylka.
Opplegget består av show, interaktive eksperiment i matematikk og naturfag, undervisning av elevar og kurs for lærarane.
Alle elementa er bygd opp etter hovedmåla i Kunnskapsløftet.
Science Circus har som målsetting å:
• Å gje elevane ei oppleving med realfag som dei hugsar.
• Skape nysgjerrigheit og vise at realfag kan vere spennande.
• At ein kan lære noko samtidig som ein har det moro.
Eksperimenta og showet er oppbygd som appetittvekkjarar med tanke på at elevane skal kjenne seg delaktige, kompetente, oppleve spenning, få vere aktive, leike og prøve sjølv – og ikkje minst å få noko å lure på - i naturfag og matematikk.
Det pedagogiske grunnlaget er vitensenterpedagogikken.








