Du er her: Jærmuseet  >  Samlingar og do...  >  Samtidsprosjekt  >  "Mjølk eller gulrot"

"Mjølk eller gulrot"

Endringane i jordbruket er omfattande, anten me samanliknar med tilhøva for 100 år eller 50 år tilbake i tid. Men endringane er store sjølv i eit kortare perspektiv. I dag er heller ikkje innhaldet på eit gardsbruk så eintydig som for 50 år sidan. I dag driv bonden med husdyr eller korn, sjeldan begge deler. Og ein husdyrbonde driv med ein eller to slag dyr, ikkje eit mangfald som før. På Jæren er dessutan grønnsakproduksjon viktig. Det er ein spesialitet som vi finn i nokre få område av landet.

Tomater i blomst og vekst

Jærmuseet har sidan starten lagt vekt på å dokumentera dagens jordbruk i tillegg til å arbeida med historia. Frå mars 2000 til mars 2001 følgte me arbeidet på eit gardsbruk på Vik i Klepp. Her dokumenterte me driftsforma på garden gjennom å videofilma, fotografera, skildra og intervjua dei som bur og arbeider her.

Kvifor er bondeyrket interessant?
Me har alle eit forhold til norsk mat og til norske landskap. Me gjer dagleg eit val mellom å kjøpa norsk eller utanlandsk mat og me brukar landskapet til rekreasjon og som kulisse på veg til og frå arbeid og fritid. Bøndene forvaltar store deler av dette landskapet og dei produserer maten, men korleis gjer det det? Folk flest veit lite om moderne norsk matproduksjon. Dette er to gode grunnar til at bondeyrket har allmenn interesse.

Museet ønskjer å setta søkelys på dagsaktuelle tilhøve, slik at det blir råd å trekka linjer mellom dagen i dag og fortida. Slik kan me bli betre budde på å gjera val for framtida.

Bonde frå 9 - 4 eller eller døgnet rundt?
Familiebruket er framleis den viktigaste driftseininga i norsk jordbruket og familien utgjer kjernen i arbeidskrafta. Dei siste femti åra har jordbruket vore i ei gjennomgripande omstilling der langtidslina går frå jordbruk som livsform til jordbruk som yrke.

Driftsplanen på ein gard fortel kva som blir produsert. Er det mjølkeproduksjon, korngard, kombinert husdyrdrift, grønnsakproduksjon eller korn og skogbruk. Me brukar driftsplanen og årssyklusen som den raude tråden i dokumentasjonen av dagens jordbruk.

På dei neste sidene kan du sjå nokre glimt frå vårt prosjekt på Vik i Klepp i året 2000. Me fulgte arbeidet på eit av dei mange gardsbruka her frå mars 2000 til mars 2001.

Våronn på Vik. Les meir

Kva dyrka dei på ein garden Oppheim, Vik i år 2000?
På garden dyrka dei vel 200 dekar jord, eige og leige areal. Tomat og agurk blei dyrka i to drivhus. I fjoset stod mjølkekyr og ungdyr. Fotografia viser kva dei produserte på garden dette året.

Agurk

Tomat

Kålrot

Blomkål

Kinakål

Gras til fôr

Gulrot

Korn

Mjølk og kjøt

Kinakål var ukjent for få tiår sidan, og viser at nordmenn har fått meir internasjonal smak. Men vi et framleis kålrot !

Dei to karta viser at på fleire av åkrane blir det hausta fleire gonger gjennom året. Dette blir gjort for å få eit godt vekstskifte, noko som er vikig for å unngå sjukdom på plantene.

Mai 2000

August 2000

Tidleg i mai vaks det grønnsakerpå alle grøne areal. Midt i august vaks det gras på grøne areal, gulrot på orange, korn på gult og grønsaker på resten.

Kven lever og arbeider på garden?

På garden bur bonden med sin familie og arbeidsfolk. Her er det nå fire generasjonar. Den eldste er pensjonist, den yngste blei fødd i år 2000 og midtpunktet på garden. Dei to midterste generasjonane deler på arbeidet.

Kva framtid ser dei for norsk jordbruk og korleis ønskjer dei å påvirka utviklinga?

Før hyrte bøndene tenestedrengar og tenestejenter for året eller halvåret. På større grønnsakgardar hyrer dei framleis inn arbeidskraft. Men dei kjem ikkje lenger frå næraste bygd. Kvart år kjem det ungdomar frå Baltikum og Aust Europa for å tena pengar og læra om norsk jordbruk. Dei bur på garden og arbeider i tre månader. Mange blir formidla gjennom organisasjonen Atlantis.
.
Me møtte meir enn 20 slike ungdommar gjennom feltarbeidet på Vik. Det er fem hyblar på garden til sesongarbeidarane. 2 - 3 bur saman og steller seg mat på eige kjøkken.
.
Kva impulsar har dei med seg og kva erfaring tek dei med heim?

Farmor Lilly har fulgt garden gjennom meir enn 50 år.

Bonde Jone og bonde Jarle med barnebarnet Tilla.

Nykona Tone Lise

Sonen Thomas

Bondekona Torunn

Sonen Bjørn Erik

 

Raivis frå Latvia

Ivars frå Latvia

Brørne Dino og Melih frå Bulgaria

Store flak av fiberduk skal dekka kinakål

Store flak med fiberduk krev mange mann og samarbeid.

Aktuelt
Aktivitetskalendar hausten 2010

På alle avdelingane i Jærmuseet er det full aktivitet i heile haust, og masse spennande å finna på for store og små. Alt frå gode foredrag til aktivitetsdagar for heile familien.

Legatpengar til Nasjonalt Garborgsenter

Tysdag 29. juni vart pengar frå Fylkesmann John Norem og hustru Thora Margrethes legat delt ut til 3 heldige vinnarar. Nasjonalt Garborgsenter var av desse.

Jærmuseet søker økonomisjef

Jærmuseet har ei nyoppretta stilling som økonomisjef, og søker etter ein person som får totalansvar for rekneskap, budsjett og IT-drift.

Presseklipp