Samtidsprosjekt
"Mjølk eller gulrot"
Endringane i jordbruket er omfattande, anten me samanliknar med tilhøva for 100 år eller 50 år tilbake i tid. Men endringane er store sjølv i eit kortare perspektiv. I dag er heller ikkje innhaldet på eit gardsbruk så eintydig som for 50 år sidan. I dag driv bonden med husdyr eller korn, sjeldan begge deler. Og ein husdyrbonde driv med ein eller to slag dyr, ikkje eit mangfald som før. På Jæren er dessutan grønnsakproduksjon viktig. Det er ein spesialitet som vi finn i nokre få område av landet.
Rundballepakkaren
- maskinen som legg kvite plastegg i landskapet - blir filma
Du trenger ikkje bu på bygda for å ha observert dei kvite eller svarte plastballane som ligg langs vegar og utover markene. Dei representerer moderne fôrhausting. Bonden slår graset, pressar det saman i ballar og neste maskin pakkar ballane tett i plast. Dette er ein teknologi som bare er nokre tiår gammal.
Prosjekt: "Med sauen til fjells"
Frå 1992 til 1997 gjennomførte museet ei større innsamlings- og dokumentasjonsprosjekt om sauebøndene i Sør Rogaland og den spesielle driftetrafikken som er blitt drive her frå 1830-åra til i dag.









