Du er her: Jærmuseet  >  Andre anlegg  >  Flyhistorisk museum Sola

Flyhistorisk museum

Flyhistorisk Museum Sola (FMS) er ei privat stifting, etablert i 1984. Museet blir i hovudsak drive av frivillige som legg ned mange timar og mykje entusiasme i både restaureringsarbeid og omvisingar.

Stad: Museet ligg i ein autentisk hangar ved sjøflyhamna på Sola, om lag 2 km frå flyplassen.

Her er det utstilt meir enn 30 større og mindre fly, både sivile og militære. Gjennom flyutstillinga og mindre temautstillingar blir me kjent med både lokal og nasjonal luftfartshistorie.

Frå 1997 har Jærmuseet hatt eit nært samarbeid med FMS gjennom konservatorstilling oppretta av Rogaland Fylkeskommune. Konservatoren er tilsett ved Jærmuseet og har museumsfagleg arbeid ved FMS som sitt viktigaste arbeidsfelt. De siste åra er utstillingane ved FMS gradvis blitt supplert med interaktive stasjonar med ”luft” som tema. Jærmuseet med Science Circus har utvikla eit formidlingsopplegg om luft og flyging. På grunn av avgrensa formidlingsressursar kan me dessverre bare tilby dette programmet tre veker våren 2008, veke 14 til veke 18.

Klikk her for program.

Aktuelt
Sommaropent på Grødaland og Limagarden

Ta turen til nokre av dei flottaste gardsanlegga på Jæren i sommar og besøk Limagarden og Grødaland. På Grødaland er det óg kome dyr til gards.

Jonsokleik og syrekaker på Grødaland

Sundag 27. juni er det ny aktivitetsdag på Grødaland - ein av dei flottaste plassane på Jæren. Då vert det jonoskleikar, trekkspelmusikk og baking av syrekaker.

Redningsdag i Varden

Varden sjøredningsmuseum ved Ogna camping inviterer til redningsdag sundag 13. juni klokka 13:00-16:00.

Presseklipp