Kom og leik på Haugabakka
Sundag 13. juni finn me fram tradisjonelle songleikar og aktivitetar på Haugabakka og inviterer til ein dag blanda med 17. mai og St Hans stemning.
Haugabakka er det fyrste skulehuset i Klepp, og det har nok vore mange leiker ute i tunet her tidlegare. Jærmuseet - saman med lag og organisasjonar i Klepp - ynskjer å finne fram igjen dei leikane som fann stad i friminutta og inviterer deg med på leiken.
Hugsar du songleikane "Tyven, tyven" og "Bro, bro, brille?" Og kan du hoppe paradis, spele veggball og gå på stylter? Sjølvaste ordføraren i Klepp stiller til start i stylteløpet, klarer du slå han? Leikane vil foregå rundt på tunet og ute i gata ved Haugabakka. Inne i Folgehuset serverer Saniteten enkel mat og drikke - og ynskjer du å sjå bygdesamlinga i Klepp så kan du besøke det gamle skulehuset.
Aktivitetane er gratis, og Haugabakka er open frå klokka 12:00 - 16:00.
Håpar du vil vera med oss å leika!








