Du er her: Jærmuseet  >  Vitengarden  >  Undervisningsti...  >  Barnehage

”LÆRA VED Å GJERA” - BARNEHAGAR

Aktivitetsplanen er i utgangspunktet eit forslag til barnehagar, og ein arbeidsplan for vitensenteret. Det er difor ingen ting i vegen for at barnehagane sjølve kan ta initiativ til andre formidlingssopplegg som dei ynskjer gjennomført. Vitengarden vil då i samråd med barnehagetilsette lage tilpassa aktivitetar.

Opplev dei mange spennande utstillingane i vitensenteret. Utstillingane er bygt opp slik at dei skal skapa aktivitet og undring. Sjølv om mange av eksperimenta ikkje er tilpassa born i denne aldersgruppa til å gå rundt på eiga hand, har utstillingane, i lag med vaksne, ein opplevings- og læringsverdi også for dei minste.

Det å vera på ein gammal gard, i gammalt hus, hoppa i høyet, vera i lag med dyra, stella i fjøset og køyra hest / ri er for ungar flest nok så uvant. Likeins å få oppleva gamle mattradisjonar med smaksprøver av sjøllaga mat. Opplevinga om kring eit gammalt gardsmiljø er ei læring i seg sjøl.

Pris: Kr. 500.- for eit opplegg på inntil 3 timar, og inntil 30 born. Utover dette gjer ein avtale om pris.

 

Tema/Opplegg

Veke

Opplev ein gamal gard og bli kjent med alle husdyra.

Veke 4 - 47

 

Kvardagskjemi

Veke 4 - 47

 

Leik med teknologi

Veke 4 - 47

 

Kokkar i friluft

Veke 4 - 47

Me ser på lamma

Veke 14 - 18

Biologisk mangfald:
Skog og vatn - leveområde for insekt, smådyr og fugl

Veke 19 - 24
OG
Veke 35 - 38

Sauen

Veke 39 - 44

Male korn, rense mjøl og koke vassgraut

Veke 45 - 46

Jul i gamle dage

Veke 47 - 51

Aktuelt
Husflidens dag på Vitengarden sundag 12. september

Jæren Husflidslag og Jærmuseet Vitengarden inviterer store og små til Husflidens dag, sundag 12. september. Norges Husflidslag feirer 100-årsjubileum og Jæren Husflidslag vert 25 år i år. Kom og ver med på feiringa!

Eksos og motorbrøl

Sjå bilete frå teknikkens dag på Vitengarden.

Kem gidde vera Afrika?

I slutten av september opnar utstillinga "Ei verd på spel" på Vitengarden, eit 250m2 stort og urettferdig brettspel. Gidde du å vera Afrika?

Presseklipp