Du er her: Jærmuseet  >  Vitengarden  >  Kvia 4H - og museumsgard

Kvia 4H - og museumsgard

På Kvia 4H- og museumsgard kan du oppleva eit gardsmiljø frå 1950-60-åra. På garden kan du bli kjent med dei husdyra som var vanleg på ein jærgard i tidleg etterkrigstid. Kanskje får du vera med på mjølking i fjoset eller gi mjølk til kopplamma?

Om sommaren møter du bondekona som byr på ein smak av jærsk tradisjonsmat.
Og kan hende får du ein liten køyretur med hest og kjerre.

   

Museumsgarden (bnr. 6) blei er skilt ut frå nabobruket i 1878.
Heimehuset og driftsbygningen er frå dette året; det frittståande fjoset blei bygd i 1887. Tunet blei etablert samtidig med bygginga av jæbanen. Derfor vender stovene mot aust, og ikkje mot vest slik byggetradisjonen vanlegvis var. Folka på garden måtte jo følgja med det nye og dampande tekniske vedunderet som pesa seg forbi den austre heimebøen!

Tobias Skretting, "Kviagarden", Sjå Jæren 1995

   

Heimehuset er innreia slik det var hos folk flest. Mange vil kjenna igjen møblar frå lokale fabrikkar, pyntegjenstandar, bilder - eller kanskje lukta? Om sundagane vil museusmvertane våre, pensjonistane, fortelja om livet og arbeidet på Jæren i denne tida. Kanskje lurer du på kor badet, toalettet eller garderobeskapet er? Eller kvifor den eine stova er så mykje finare enn den andre?

   

På garden finn du dei husdyrerasane som var vanlege på Jæren i 1950-60-åra. Store og små kan få nærkontakt med kyr av vestlandsk raukolle, hestar, gris, høns og sauer. På sommarstid vil dyra vera på beite rundt husa, om vinteren er dei fleste inne i fjoset. Me har også bier - dei er det ikkje meininga at publikum skal ha nærkontakt med. Men biene kan også observerast inne i utstillinga i museumsbygget.
Jærmuseet er med på det nordiske samarbeidet for å ta vare på gamle husdyrrasar. Me har ei bevaringsbesetning av sør- og vestlandsfe.

   

   
Aktuelt
Kem gidde vera Afrika?

I slutten av september opnar utstillinga "Ei verd på spel" på Vitengarden, eit 250m2 stort og urettferdig brettspel. Gidde du å vera Afrika?

Sommaren på Vitengarden

Ta deg ein tur til Jærmuseet Vitengarden i sommar! Me har ope kvar dag ut august - og her er det mykje å finna på for store og små - både på solfulle og regnvåte dagar.

"Zzzummande dag" på Vitengarden sundag 13.juni!

Har du nokon gong besøkt eit biehotell? Ikkje det? Kom til Vitengarden på sundag og få eit 5-stjernes hotellopphald i tillegg til mange andre aktivitetar knytta til bia.

Presseklipp