Du er her: Jærmuseet  >  Vitengarden  >  Hanabergmarka

Hanabergmarka

Vitengarden ligg ved Hanabergsmarka, eit område tilrettelagt for dei som vil ut på tur, gå på jakt etter spor frå tidlegare jærbuar eller ha med grillmat og berre kosa seg.

Det er få stader som har like mange synlege kulturminne som Hanabergmarka. Det er få stader ein har slik spennvidde i synlege kulturminne som her på Kvia og Audamotland.
Her ligg ruinar etter store innstalasjoner frå 2. verdskrigen ved sida av 3000 år gamle mektige gravhaugar frå jernalder som steinrøysar i bakkane. Vegfâr og steingardar frå meir enn tusen år tilbake kryssar landskapet i alle retningar. Særleg spenande er det at det innanfor eit lite område finst spor som syner endring i plasseringa av hus og utvikling i system av steingardar.

Last ned Vitengardens katalog om hanabergmarka

 

Det er merka tre løyper: Naturløypa er for deg som vil finna nokre av dei ulike trea og buskane som veks i Hanabergmarka. Krigsminneløypa losar deg rundt i minner frå 2.verdskrig. Fortidsløypa tek deg rundt til kulturminne frå bronsealderen og fram til mellomalderen. På området ligg også Klauhaugane, eit ringforma tunanlegg frå om lag år 550.

 

 

Løypene er merka med brune merkepinnar som stikk opp frå marka. Kvar løype har sin eigen farge, dei ulike kulturminna eller tresortane har sitt eige tal eller bokstav.

 

 

Ein finn fram i løypa ved hjelp av kart som ein kan få på vitensenteret, eller lasta ned i menyen til venstre.

På grunn av området sine kulturhistoriske kvalitetar og nærleiken til Vitengarden, blei området kjøpt opp av Hå kommune i 1991 og vidaresolgt til staten med midlar frå Riksantikvaren og Direktoratet for Naturforvaltning.
Området blir no lagt til rette for allemnta, slik at flest mogleg skal kunne få oppleve dei kulturhistoriske kvalitetane i "Hanabergsmarka". Turvegar, merka stiar og informasjonstavler skal hjelpa folk til større oppleving, samstundes som desse inngrepa er freista gjorde så lite dominerande som mogleg.

 

I Bondevennlunden er det grillar.

Aktuelt
Kem gidde vera Afrika?

I slutten av september opnar utstillinga "Ei verd på spel" på Vitengarden, eit 250m2 stort og urettferdig brettspel. Gidde du å vera Afrika?

Sommaren på Vitengarden

Ta deg ein tur til Jærmuseet Vitengarden i sommar! Me har ope kvar dag ut august - og her er det mykje å finna på for store og små - både på solfulle og regnvåte dagar.

"Zzzummande dag" på Vitengarden sundag 13.juni!

Har du nokon gong besøkt eit biehotell? Ikkje det? Kom til Vitengarden på sundag og få eit 5-stjernes hotellopphald i tillegg til mange andre aktivitetar knytta til bia.

Presseklipp