Du er her: Jærmuseet  >  Science Circus  >  Aktuelt  >  Science Circus på CSI-oppdrag

Science Circus på CSI-oppdrag

Jærmuseet Science Circus har vore på Universitet i Agder i Kristiansand og har lært 10.-klassingar å laga fantomteikningar som ein del av ei større etterforskning av eit fælt tjuveri av pokaler frå fotballklubben IK Start.

Gjennom ein introduksjonsfilm fekk elevane bakgrunnsviten om oppdraget og gjennom arbeid på ulike laboratoriar skulle dei løysa oppgåva med å finna den skyldige personen. Science Circus bidro med grunnleggjande idear til opplegget og var ein del av fysikklabben, kor elevane skulle teikna ei fantomteikning av ein ukjent mistenkt i saka ved hjelp av eit rektig fantomteikningsdataprogram. Den ukjente mistenkte var til deira overrasking deira eigen lærar! Dette sporet var dog eit blindspor – akkurat som det skjer i den virkelige verdas kriminaletterforskning.

Elevane var engasjerte og ivrige i arbeidet med den spesielle oppgåva – og ei av jentene erklærte etterpå: ”Eg trur eg vil vera CSI-etterforskar!”.

For å bli CSI-etterforskar må ho studera realfag – som nettopp er målet med prosjektet – rekruttering av elevar i ungdomsskulen til å velga realfag på universitetet! Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitet i Agder, Vitentimen og Jærmuseet.

Elevane fann den skyldige – ei ”Miss T. Anker” var den mistenkte som dei fleste av sporene peikte på!

TV2 laga ein reportasje frå CSI etterforskninga - denne kan du sjå ved å fylgje linken under:

http://www.tv2nyhetene.no/magasinet/kommende-kriminalteknikere-3067072.html

Aktuelt
Science Circus med spanande kurs til elevane i Gjesdal

Over 4 onsdager i februar og mars inviterer Science Circus til kurs på Ålgård skule. Kurset er for elevar frå 5. - 7. trinn og her får du eksperimentera med spanande stoffer. Kan du lage fløteis på gamle måten? Eller kan du få mystisk vatn til å ligge i lag?

Science Circus på CSI-oppdrag

Jærmuseet Science Circus har vore på Universitet i Agder i Kristiansand og har lært 10.-klassingar å laga fantomteikningar som ein del av ei større etterforskning av eit fælt tjuveri av pokaler frå fotballklubben IK Start.

Møt oss på Bjerkreimsmarken 2. - 4. oktober 2009

Science Circus vil vera til stades på Bjerkreimsmarken, 2. - 4. oktober 2009 med mange aktivitetar og spannande eksperiment for barna.

Presseklipp