Sommaropent på Grødaland og Limagarden
Ta turen til nokre av dei flottaste gardsanlegga på Jæren i sommar og besøk Limagarden og Grødaland. På Grødaland er det óg kome dyr til gards.
Både Limagarden og Grødaland har utvida opningstider. På Grødaland er det opent kvar dag frå klokka 12-17, medan det på Limagarden er open frå klokka 13-16 tysdag - sundag.
Grødaland er eit av dei flottaste og best bevarte gardsanlegga i Rogaland - med ei fantastisk utstikt mot havet. Tunet litt like ved Kongevegen med gode turmuligheiter. I år er det óg dyr i tunet; publikum får treffa både lam, høner og kaniner som alltid er glade for besøk.
Limagarden i Gjesdal ligg like ved 39, ved avkjørsla mot Sirdal. Guidane her veit mykje om garden og om folka som budde her, og du vil få god innsikt i korleis livet i Gjesdal var på 1900-talet.
Både på Limagarden og Grødaland er det gratis å koma inn. Velkommen til gards!








