Du er her: Jærmuseet  >  Aktuelt  >  Legatpengar til Nasjonalt Garborgsenter

Legatpengar til Nasjonalt Garborgsenter

Tysdag 29. juni vart pengar frå Fylkesmann John Norem og hustru Thora Margrethes legat delt ut til 3 heldige vinnarar. Nasjonalt Garborgsenter var av desse.

Jærmuseet fekk 250 000 kroner, som skal brukast til utviklinga av ein permanent utstillingsdel ved Nasjonalt Garborgsenter. Senteret er samlokalisert med det nye folkebiblioteket i Time og skal opnast i løpet av 2011.

Dei andre vinnarane var Stavanger Domkirke og Stavanger Katedralskole.

Legatets mål er å fremma kristenlege, humanitære og kulturelle føremål. Styreleiar i legatet, Ragnvald Bjelland, seiar dei i år er godt nøgde med vinnarane og spennvidden. Kvart år kjem det inn rundt 30-40 søknadar.

Jærmuseet ynskjer å takka for tildelinga og er nå godt i gang med å utarbeida spanande utstillingar for senteret.

Aktuelt
Aktivitetskalendar hausten 2010

På alle avdelingane i Jærmuseet er det full aktivitet i heile haust, og masse spennande å finna på for store og små. Alt frå gode foredrag til aktivitetsdagar for heile familien.

Legatpengar til Nasjonalt Garborgsenter

Tysdag 29. juni vart pengar frå Fylkesmann John Norem og hustru Thora Margrethes legat delt ut til 3 heldige vinnarar. Nasjonalt Garborgsenter var av desse.

Jærmuseet søker økonomisjef

Jærmuseet har ei nyoppretta stilling som økonomisjef, og søker etter ein person som får totalansvar for rekneskap, budsjett og IT-drift.

Presseklipp