Årets museum
torsdag 17 mai 2012 TekststørrelseAA

Motta e-brev

E-postSkriv ut

Vitengarden i romjula

julpviteng
Klarer du planta ein skog før tida renn ut? Sett deg sjølv på prøve i det interaktive brettspelet "Ei verd på spel"


Til: Mor, far, besteforeldre, onklar, tanter, barn og barnebarn.
Frå: Vitengarden

Velkommen til Vitengarden i romjula! Vi har ope 10-15 måndag 27. til og med torsdag 30. desember.

Les om våre interaktive utstillingar her. Kva er mat og kor kjem han frå? Frå butikken? Prøv spettet og brotet, steinbukken eller gravemaskina. Eller torer du å gå inn i ei myr? Eit jærhus er ikkje som andre hus, bygg deg eit og gå inn i det!

Kom innom og prøv vår nyaste utstilling "Ei verd på spel". Her kan heile familien bryna seg på eit 250 kvadratmeter stort brettspel, der du sjølv er spelebrikka og må gjennom ei heil rekke urettferdige oppgåver før tida går ut.

Hopp i høyet og besøk gjæser, høns og kyr på 4H-garden.

Litt for mykje god mat i jula? Gå ein tur i den flotte Hanabergmarka. Sjå spor etter fortidas jærbuar, eller kikk inn ein kommandobunker frå andre verdskrig.

Kaffi og nysteikte lappar i kaféen vår.


Del artikkel | Sist oppdatert 18. januar 2011
 
Gi oss dine synspunker slik at vi kan gjøre sidene bedre. Takk.