Årets museum
torsdag 17 mai 2012 TekststørrelseAA
E-postSkriv ut

Vennelaget for Jærmuset - Vitengarden

Jrlappen_1_og_2_2011.pdf Føremålet for Vennelaget for Jærmuseet - Vitengarden er å vera ein aktiv støttespelar for Vitengarden og skal samla folk som er interessert i dette, og som er villige til på forskjellig vis å vera med og fremja utviklinga av Jærmuseet - Vitengarden.

Oppgåver for medlemmene:
Vennelaget og medlemmene skal arbeida aktivt for å gjera Vitengarden, og dei aktivitetane som vert drivne der, kjente i lokalmiljøet.
Vennelaget skal vidare hjelpa til praktisk ved arrangement av ulike slag, organisera dugnad når noko anna spesielt skal gjerast. For medlemmene er dette arbeidet frivillig.

Jærlappen medlemsbladMedlemsblad og Årbok:
Vennelaget gjev to gonger i året ut eit medlemsblad, kalla ”JÆRLAPPEN”, som har nyttig informasjon om Jærmuseet, både om Vitengarden, men òg om dei mange andre anlegga innanfor Jærmuseet. I tillegg får ein eit eksemplar av Jærmuseet si flotte årbok ”Sjå Jæren”  fritt tilsendt.
Her kan du lasta ned medlemblad: pdf Jærlappen 2-08.pdf , pdf Jærlappen 1-09.pdf
pdf Jærlappen 2-09.pdf , pdf Jærlappen 1-10.pdf  Jærlappen_1_og_2_2011.pdf



Kven kan vera medlemmer?
Medlemmer i Vennelaget kan vera enkeltpersonar, familiar, bedrifter og organisasjonar. Enkeltmedlemmer får fri åtgang for seg sjølv og familiar får fri åtgang for foreldre og eigne barn.

Kva kostar det, og kva får du igjen for dette?
Privatpersonar betaler ein årleg medlemskontigent på kr. 350,- eller kr. 600,- for familiar.
Medlemmene har då fri åtgang til alle Jærmuseet sine anlegg og alle utstillingar som vert arrangerte der. Dette gjeld desse anlegga: Jærmuseet Vitengarden med Kviagarden, Jærmuseet Vitenfabrikken sine avdelingar i Sandnes, Grødalandstunet og Varden Sjøredingsmuseum i Hå og Limagarden i Gjesdal.

Bedrifter kan òg vera medlemmer
Bedrifter som er sponsorar eller teiknar annonsar i årboka for Jærmuseet er automatisk medlemmer i Vennelaget og får utanom årboka ”Sjå Jæren” og medlems-bladet tildelt 2 enkle frikort til Jærmuseet.

Hjarteleg velkommen som medlem!

Styret for Vennelaget for Jærmuseet Vitengarden for året 2010 er:
Formann: Svein Inge Årrestad, Nærbø
Nestleiar/referent:: Njål Ådne Njå, Stavanger
Styremedlemmer: Folke Ravndal, Klepp
Solveig Hadland, Time
Marta Bernssen, Nærbø
Varamedlemer til styret: Mildar Thime, Klepp
Sverre Skjæveland, Nærbø



Del artikkel | Sist oppdatert 04. desember 2011
 
Gi oss dine synspunker slik at vi kan gjøre sidene bedre. Takk.