Undervisingsprinsippet "Læra ved å gjera" er bygt opp omkring vitensenteret, Kvia 4H- gard og Hanabergmarka kulturminne – og friluftsområde. Elevane får vera med på praktisk gardsarbeid gjennom året, samt får ei innføring i lokale mattradisjonar. Utstillingar og gjenstandar blir trekt inn i formidlinga. Naturfagundervisninga vektlegg biologisk mangfald.
Jærmuseet avdeling Vitengarden er eit pilotprosjekt for vitensentra i Noreg. Gjennom interaktive utstillingar og eksperiment kan publikum møta vitenskap og teknologi gjennom eigen aktivitet.
Utstillings- og formidlingsmetodane skil vitensentra frå tradisjonelle museum – på vitensenteret skal publikum sjå og røra. Vitensentera bygger si formidling på eit aktivt læringssyn – barn og unge skal "læra ved å gjera".
For grunnskulen er det gratis, i tillegg får elevane fribillett ut året. Barnehagar betalar kr. 750 for inntil 30 personar. For SFO kostar det kr 20 pr. pers. + kr 200 for omvising. For VGS-elevar kostar det kr 20 pr. pers. + 200 kr pr. undervisningstime.
Klikk her for kart over gangsti fra togstasjonen på Nærbø, til Vitengarden.
For bestilling, kontakt
Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
eller telefon 51799420