Årets museum
torsdag 17 mai 2012 TekststørrelseAA
E-postSkriv ut

Ville du kjøpt piller av denne karen?

Neste aktivitet

 Strid
 Garborgs Galningar
For skular og barnehagar
     
Opningstider Kontakt oss
     
. Parkering ved anlegget

470web

Nyheit: Apotekarlærling med stort hovud har fått ansvaret sitt på sokkel.

 

Det er berre å be om orsak med det same. Ein merkeleg tasteleif sneik seg inn utan å betala for seg. Det rette skal sjølvsagt vera: "Apotekarlærling med stort ansvar har fått hovudet sitt på sokkel."

Me oversvømmast av rockeprestar og diktarprestar, men det er mindre populært å kategorisera kombinasjonen av apotekar og diktar. Ikkje desto mindre er diktarapotekaren, alternativt apotekardiktaren, ein av våre største forfattarar. Henrik Ibsen held stand som verdas nest mest spelte dramatikar (etter Shakespeare, men føre Tsjekhov), men hadde ein periode kring førre århundreskiftet konkurranse om flest oppsetjingar i Noreg - av ingen ringare enn komedieforfattarinna, eller skal me seia bohemomsetjarmålmanninnelivsstilsreformatorbunadsdesignarnorskdomsforkjemparfolkedansarinnediktaren Hulda Garborg.

468web464 

Garborgsenteret har nemleg vore på samling med Litteraturnettverket i Grimstad, og vitja det huset der den gode Henrik Ibsen var apotekarlærling med utvida ansvar. Han kom frå heimstaden Skien som femtenåring, og det var i sykkelbyen (kanskje Thor Hushovd er ein komande diktarsyklist?) Grimstad han bestemte seg for å bli diktar. Nokre år seinare la han mykje av handlinga i dikteposet Terje Vigen til Grimstad sin skjærgård. Men medan han var der i byen, levde han travle ungdomsdagar. Han var ikkje berre apotekar, men diktarstudent, svirediktar, diktarmålar og litt fyrsteelskardiktar òg. I alle fall var han somme gongar diktarforelska (men ikkje med ho han fekk born med, den diktarrøvaren).

465web 

Dette er rommet apotekardiktaren sov i, drakk i, dikta i og kanhende famla litt under blusene i. Med mindre historiene om den unge Ibsen berre er oppspinn, sjølvsagt. Eller løgn og forbanna dikt, ja.

Du kan lesa meir om den unge apotekardiktaren på sida til Grimstad bys museer.

Kart



Del artikkel | Sist oppdatert 03. november 2011
 
Gi oss dine synspunker slik at vi kan gjøre sidene bedre. Takk.