Årets museum
torsdag 17 mai 2012 TekststørrelseAA
E-postSkriv ut

På jakt etter det gode biletet

Neste aktivitet

 Strid
 Garborgs Galningar
For skular og barnehagar
     
Opningstider Kontakt oss
     
. Parkering ved anlegget

 På jakt etter det gode biletet.

110902_oej_14
Otto får eit blinkskot.

Ettersom Garborgsenteret si hovudmålgruppe er ungdom og unge vaksne, har Garborgsenteret oppretta ei referansegruppe beståande av tolv elevar ifrå vidaregåande skule. Med jamne mellomrom får dei delta i utviklinga av utstillinga. På septembersamlinga fekk dei ein dag i lag med fotografen Ingeborg Skrudland og medieeksperten Vilhelm Skjærpe. Dette var ikkje berre for å verte betre fotografar, men for å ta bilete til Garborgsenteret si utstilling.

Nokre av elevane reiste med Skrudland ut på landet for å ta bilete av landskap og dyr, medan dei andre vart med Skjærpe til Bryne sentrum for å knipse menneske, plakatar og skilt - og som me kan sjå var det dyr i Sandtangen på Bryne òg.

110902_oej_16
Frå venstre: hund, dame, Torjei, Otto.

 

110902_oej_10
Torjei er nøgd med motivet.

 

110902_oej_30
Skjærpe instruerer.

 

110902_oej_28
Otto og Torjei kosar seg i damebutikken.
Elevane viste seg å vera både ivrige, kreative og dyktige. Nokre av dei hadde eigne speglreflekskamera og var allereie erfarne hobbyfotografar. Skjærpe, som er engasjert av Garborgsenteret for å laga utstillinga, var veldig imponert: "Eg tykte dei hadde mange gode idear og auge for gode motiv." På spørsmål om bileta kan brukast i utstillinga, nikka han bestemt og svara: "Ja, det er det ingen tvil om."

Fotograf Ingeborg Skrudland, som tok med seg ei gruppe rundt på Jæren for å ta landskapsbilete, var like så nøgd. Ho nytta ord som "reflekterte ungdomar" og "klåre meiningar" då ho vart beden om å skildra dei elevane ho hadde med seg. "Det var tydeleg at fleire av dei hadde fotoerfaring. Dei var kreative og gode til å utvikla idear."

Her kan du sjå nokre av dei bileta som elevane tok (fotografar: Astrid Salte Wiig, Ine Kelly Rusnes, Kristin Frafjord, Otto Efteblad Underbakke):

Kart



Del artikkel | Sist oppdatert 06. oktober 2011
 
Gi oss dine synspunker slik at vi kan gjøre sidene bedre. Takk.