Ystepikene og eit godt måltid på Vitengarden

Bli med på ein tur kor de får bli kjende med det døgnopne ysteriet på Varhaug, og familien som driv det. På Vitengarden får de servert god historieforteljing og ein smakfull ostetallerken.

Ystepikene på Varhaug

Under ein storslått himmel, nær grøne marker på Jæren, driv Ystepikene sitt eige ysteri. Garden har vore i familien sitt eige i 100 år, og her lagar dei knallgode ostar ysta på mjølk dei sjølv har produsert frå fornøgde kyr på garden. Dei produserer kjende og kjære ostar, men òg nokre med spennande smakar for dei meir eventyrlystne. Her får du både Jærsk Bedaost, Jærsk Kremost og Jærsk Kvitskimmelost. Her kan de òg handla mykje godt frå andre lokale produsentar.

Vitengarden

Eit besøk på Vitengarden er ein perfekt måte å oppdaga Jæren på. Start med ei kort orientering om Vitengarden, utforsk utstillingane og avslutt med eit smakrikt og mettande måltid med oster og smakar frå Ystepikene førebudd av kokkar på vårt eige kjøkken.

Våre utstillingar

Pris per person kr. 495,- inkluderer

Inngang på Vitengarden

Omvisning og historieforteljing om eit valfritt tema

Ein smakrik og mettande ostetallerken med blandt anna ost frå Ystepikene og spekemat frå Nyyyt

Kaffi og drikke

Besøk og unike pakketilbod hjå Ystepikene

*Pris føreset eit minimum på ti betalande gjester, og de må sjølv stå for transport.


Alle i turfølget får 10 % rabatt på besøksdagen i butikken på Vitengarden, og hjå Ystepikene har dei sett saman kjekke gåvepakker.


Bestilling

Ønsker du å ta med ei gruppe og få ein gild og annleis dag saman? Opplegget passer for alle som ønsker ei ny og lærerik oppleving. Det kan vera familiar, vennelag, foreiningar, kollegaer, nettverksbygging m.m.

Ta kontakt med oss i dag for meir informasjon sånn at me kan gje deg det opplegget du ønsker. Du kan kontakta oss på e-post vitengarden@jaermuseet.no eller ringa oss på telefon 47 77 60 20. Eller du kan fylla ut å senda inn skjema under.