Me ser på maten med fokus på energi og næring, kva er eit sunt kosthald? Elevane får vera med og laga god tradisjonsmat og læra om kosthaldet i tidlegare tider. Spesielt fokus på mat for 100 år sidan.

Kort om opplegget:

  • Mat som energi og ernæring.
  • Kva er sunt kosthald?
  • «Synleg og skjult sukker»
  • Korleis var kosthaldet i gamle dagar?
  • Bli med å lag tradisjonskost og kjenn kor godt den smakar.
  • Kinne smør
  • Bake potetkaker (eplekaker)

Kompetansemål:

Mat og livsstil (mat og helse)

  • Planleggje og lage trygg og ernæringsmessig god mat, og forklare kva for næringsstoff matvarene inneheld
  • Samanlikne måltid ein sjølv lagar, med kostråda frå helsestyresmaktene
  • bruke digitale verktøy til å vurdere energi- og næringsinnhald i mat og drikke(…)

Mat og kultur (mat og helse)

  • Gi døme på korleis kjøkkenreiskapar, tillagingsmåtar eller matvanar har endra seg over tid eller flytta seg geografisk, og forklare korleis det har verka inn på livet til folk

Historie (samfunnsfag)

  • Presentere viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet, og forklare korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag

Varigheit: 

2,5 time pr 30 elevar

Kan bestillast: 

Veke 4 – 50

Pris:

Gratis

Send førespurnad