Glassblåsing og matglede på Jæren

Bli med på ein dag fylt med gode opplevingar. Me besøker glasblåseriet MingarWalker, og på Vitengarden blir det servert matglede og historieforteljing.

MingarWalker

Line Mingar og Benjamin Walker opna det lokale glasblåseriet sitt i 2006 og har sidan bydd på mange gode opplevingar i verkstaden. Her får besøkande eit innblikk i glaskunsten, og dei får sjå og høyra om handverk som inspirerer funksjonell eleganse. For dei som vil kjøpa med seg ei gåve til seg sjølv eller for å gleda andre, er det mykje vakkert å velja i. Klikk på bildet for å lesa meir om dei, og får å sjå kva aktiviteter dei tilbyr grupper. Eit vanleg besøk innom for å sjå glasskunsten som er til sal er sjølvsagt gratis.

Vitengarden

Eit besøk på Vitengarden er ein perfekt måte å oppdaga Jæren på. Start med ei kort orientering om Vitengarden, utforsk utstillingane og avslutt med det som ofte er det viktigaste av alt. Eit godt tradisjonsrikt og heimelaga måltid frå vårt eige kjøkken.

Våre utstillingar

Tema

Skriv inn i skjemaet under kva tema de vil høyra om.

Pris per person

kr. 495 inkluderer:

Oppleving hjå MingarWalker (60 min)

Omvisning og historieforteljing om eit valfritt tema på Vitengarden (45-90 min)

Inngang på Vitengarden

Varme, mettande måltid laga på lokale og gode råvarer, basert på årets sesong

Kaffi og drikke

*Pris kr. 495 føreset eit minimum på ti betalande gjester, og de må sjølv stå for transport. Det er og mogleg å besøka MingarWalker utan opplegg, då for å handla/sjå. Då er pris per person kr. 345.

Bestilling

Ønsker du å ta med ei gruppe og få ein gild og annleis dag saman?

Opplegget passer for alle som ønsker ei ny og lærerik oppleving. Det kan vera familiar, vennelag, foreiningar, kollegaer, nettverksbygging med meir.

Fyll ut skjema nedanfor eller ta kontakt med oss i dag for meir informasjon, slik at me kan gje deg det opplegget du ønsker. Du kan òg kontakta oss på e-post vitengarden@jaermuseet.no eller ringa oss på telefon 477 76 020.

Dette skjemaet lagrar din kontaktinformasjon slik at me kan handsama din førespurnad. Innsendte data vil ikkje bli delt med andre eller brukt i marknadsføringssamanheng.