Barnehagar

– Hei, barnehagar!

Formidlingsopplegga er i utgangspunktet forslag til opplegg for barnehagar, og ein arbeidsplan for Vitengarden.
Det er derfor ingen ting i vegen for at barnehagane sjølve kan ta initiativ og koma med forslag til formidlingsopplegg. Vitengarden vil då i samråd med barnehagepersonalet forma opplegg tilpassa barnehagens ynskjer.Utstillingane er utforma for å skapa aktivitet og undring, og i lag med vaksne har utstillingane ein opplevings- og læringsverdi sjølv for dei minste borna. Opplev den gamle garden, fylj stellet av dyra, sjå livet i fuglekassen via webkamera, opplev jordbruk, byggeskikk, levesett, mattradisjonar, teknologi og industri før og nå.



Doktor proktor redigert

DOKTOR PROKTORS SENSASJONELLE SAMLING AV D.D.S.Ø.I.F Barnehagar

Ver med ein tur inn i Jo Nesbøs spanande univers av dyr du skulle ønskje ikkje fanst. Utstillinga inneheld 24 spennande, skumle og litt løgne dyr. Last ned meir informasjon i PDF-format


Surt og basisk Leik med surt og basisk
Barnehagar

Kva skjer om ein blandar surt og basisk i kjemiens verd? Jau, ein får ei reaksjon, og med reaksjonen kan me laga ein fargerik vulkan, ein filmboksrakett, ein ballongoppblåsar og mykje anna kjekt.

Last ned meir informasjon i PDF-format


byggeskikk og arkitektur Byggeskikk
Barnehagar

Korleis såg husa i Noreg og på Jæren ut før? Kva er eit laft og kvifor hadde dei stein til vegger og torv på taket? Me undra oss over byggjeskikk før og no og prøvar å lafta eit hus.

Last ned meir informasjon i PDF-format


Potet

Epleopptak
Barnehagar
Veke 39 og 40.

Kvar veks jordeplene, kvar kjem dei frå og kva kan dei nyttast til?
Det vert opptak av epler og steiking av eplebåtar på bål.

Last ned meir informasjon i PDF-format


Helikopter Flyverkstad. Helikopter og sugerøyrsrakett.
Barnehagar

Korleis kan me designa og byggja helikopter av papir og korleis kan me laga ein rakett av to sugerøyr? Me finn svara på dette i flyverkstaden.

Last ned meir informasjon i PDF-format


Slikkepinne Slikkepinneverkstad
Barnehagar

Korleis laga ein slikkepinne, kva kjemisk reaksjon finn stad når ein blandar vatn, sukker og druesukker i ei gryte og kokar opp?

Last ned meir informasjon i PDF-format


Den_gamle_garden_og_dyra Den gamle garden og dyra
Barnehagar

Fylg og ta del i den daglege drifta på garden. Opplev dyra på nært hald, hopp i høyet og utforsk utstillingane i museet.

Last ned meir informasjon i PDF-format


Mala_korn Mala korn
Barnehagar

Me ser på maling av korn i gammal tid og maling av korn i dag. Me reinsar mjølet og kokar graut på det, og til slutt smakar me på grauten og undrar oss over mattradisjonar og levesett før og nå.

Last ned mer meir informasjon i PDF-format


Me_ser_p_lamma Me ser på lamma
Barnehagar

Sauen lemmar og me ser lamma ta sine første steg, ta til seg føde og utforska sitt nye tilvære.
” Min fysste kamerat det va et lide låm eg huska eg sto der å såg på då det kom… Ud… ud, ud….”

(Tønes, Bonde)

Last ned meir informasjon i PDF-format.


Jul_i_gamledager Jul i gamle dagar
Barnehagar

Dette tilbodet har fleire aktivitetar å velja mellom. Barnehagen må sjølv setja saman aktivitetar som passar for dei. Dersom ein ønskjer graut kostar det kr 60 pr. pers. Lys kostar kr 15 pr. pers.

Last ned meir informasjon i PDF-format