26. juni - 4. august
Vitengarden, Kviavegen 99, Nærbø

På Vitengarden er det store områder og utforska, både inne og ute. Her kan du bruke timevis med store og små barn, besøke dyra på garden, hoppe i høyet, kjenne på orkan i «blåsten», prøve deg som menneskeleg jojo, besøke skattane i den mørke myra eller kjempe mot roboten i ostepakking.

I juli kan du i tillegg  til alle dei interaktive utstillingane vera med på aktivitetar med vekt på fysikk.

Alle aktivitetane er gratis når inngangsbillett er betalt.

Kafèen serverer heimebakte rundstykker, suppe, lapper og kake. Det er sal av is, kaffe, brus og juice. Vitengarden er og tilrettelagt med grillar som fritt kan nyttast på uteområdet.