Utedag i skogen. Ver med og bygg ein gapahuk og lag bål for å halda varmen. Nyt varm, god saft i sjølvlaga ly.

Ta med eigen turmat.

Kort om opplegget: 

  • ”Det heiter ikkje dårleg ver, men dårlege klede.”
  • Saga og hogga ved
  • Byggja levegg for bålplass(”gapahuk”)
  • Byggja eldstad med stein
  • Læra å gjera opp bål
  • Varma opp saft
  • Fokus på tryggleik kring bål og knivar.
  • Korleis bør folk ferdast i skog og mark?

Kompetansemål:

Friluftsliv(kroppsøving)

  • vere med i ulike friluftslivsaktivitetar og praktisere trygg ferdsel under varierte vêrtilhøve

Varigheit: 

2 timer

Kan bestillast: 

Veke 4 – 48

Praktisk informasjon: 

NB! Ta med godt med klede og sitteunderlag

Send førespurnad