Kjemi

Leik med surt og basisk

Kva skjer om ein blandar surt og basisk i kjemiens verd? Jau, ein får ei reaksjon, og med reaksjonen kan me laga ein fargerik vulkan, ein filmboksrakett, ein ballongoppblåsar og mykje anna kjekt.

Kort om opplegget:

  • Opplev spanande fenomen i kjemiens verd. Me nyttar ingrediensar ein kan finna på eit kvart kjøken og som er heilt ufarlege.
  • Delta på spanande eksperiment som skapar begeistring og undring. Me kler oss opp i labfrakkar og vert forskarar for ein dag.
  • Utforsk utstillingane på Vitengarden og besøk dyra på garden

Kva kan me læra:

  • Vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd
  • Vidareutviklar motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar
  • Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover
  • Leiker og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på
  • Gjere barna meir nysgjerrige og styrkje matematikkgleda og interessa for matematiske samanhengar med utgangspunkt i uttrykksformene til barna

 

Barnehagar 3- 6 år

Tidsrom: Heile året

Varigheit: 1 time

 

Send førespurnad