Vulkanar som boblar, ballongar som blæs seg opp av seg sjølve og rakettar som skyt til vers!
Kva skjer når ein blandar surt og basisk i kjemiens verd? Då oppstår det ein reaksjon – og reaksjonar kan både boble, skumme og lage gass.
I dette opplegget får barna utforske kva som skjer når ulike stoff reagerer med kvarandre. Me brukar ingrediensar som ein finn på eit vanleg kjøken, og saman lagar me mellom anna ein fargerik vulkan, ein ballong som blæs seg opp av seg sjølv og ein rakett som skyt til vers.
Barna får kle seg i labfrakkar og vere forskarar for ein dag medan dei undersøker, luktar, gjet og ser kva som skjer i eksperimenta.
Kort om opplegget
Opplev spanande fenomen i kjemiens verd gjennom enkle og trygge eksperiment.
Me brukar ingrediensar ein kan finna på eit kvart kjøken.
Barna deltek aktivt i eksperimenta og får undre seg over det dei ser.
Etter opplegget kan de utforske utstillingane på Vitengarden og besøkje dyra på garden.
Kva kan me læra
Barna får:
– oppleve og utforske enkle kjemiske reaksjonar
– undre seg over kva som skjer når ein blandar ulike stoff
– utvikle språk gjennom samtale om det dei ser og opplever
– øve finmotorikk ved bruk av pipette og anna utstyr
– utforske naturfenomen gjennom leik og eksperiment
Barnehagar 3- 6 år
Tidsrom: Heile året
Varigheit: 45-60 min