Rundballepakkaren – frå Australia, via Jæren ut i verda

Rundballepakkaren, maskinen som legg lag på lag med krympeplast rundt ein balle med hardpressa gras, blei kalla Silawrap den gong han først kom i bruk.

Produksjon

Kverneland leverer maskinen til bønder over heile verda. I dag er det fleire konkurrentar som lagar tilsvarande maskinar, men då dei første 275 Silawrap-maskinane blei produserte i 1986, var dette dei første i verda. Fabrikken som utvikla og produserte maskinane, var Underhaugs Fabrikk as på Nærbø. Frå 1986 fusjonerte bedrifta med Kverneland og namnet blei Kverneland Underhaug. Rundballepakkaren blei eit viktig produkt for fabrikken på Nærbø i dei neste 18 åra. For teknologien slo godt an. I 1990 blei det produsert 3000 rundballepakkarar av ulike modellar.

Hausten 2000 lanserte Kverneland eit nytt konsept: pressing og pakking av gras i ein maskin, ikkje to maskinar slik som før. Den maskinen heiter Bio (Bale-in-one). Men Bio vil ikkje bli produsert på Nærbø. Kverneland er det største konsernet i verda for produksjon og sal av utstyr til landbruk og vinproduksjon. Dei har 35 fabrikkar og salselskap med omlag 3350 tilsette i mange land.

I 2004 flytta Kverneland ASA produksjonen av rundballepakkarane frå Norge til Tyskland. Fabrikken på Nærbø blei lagt ned. Jærmuseet ønskjer å ta vare på historia til både rundballepakkaren og Kverneland Underhaug. Frå før har museet hand om det historiske arkivet til moderfabrikken, Kvernelands Fabrikk og Kyllingstad Plogfabrikk som blei oppkjøpt av Kverneland i 1986. Me var derfor glade då Kverneland ASA tok kontakt med museet for å høyra kva me meiner er verd å ta vare på frå KvernelandUnderhaug. Me la fram vårt ønskje om å videodokumentera historia om rundballepakkaren.

Den historia me ønskjer å formidla på Vitengarden er følgjande:
Ei historie om innovasjon og produktutvikling frå vår samtid. Ein idé oppstod i Australia i 1983, blei utvikla og patentert i 1984, blei fanga opp av ein norsk fabrikk og lansert på verdsmarknaden i 1986.
Kverneland Underhaug har 120 tilsette. Gjennom å filma fabrikkproduksjonen frå råstoff fram til ferdig produkt kan me formidla noko om moderne industriproduksjon og industriarbeidsplassar.
Kverneland Underhaug har også ei utviklingsavdeling som er del av denne historia og som tidlegare har utvikla andre kjende maskinar som potetopptakaren FAUN frå 1960-talet og lesse- og avlessarvognene på 1970-talet.

At filmen i tillegg blei ei avskjedshistorie for ei lokal bedrift som i 2007 ville ha runda 100 år, er den triste sida av saka. Det er likevel gledeleg at Kverneland ASA har gjort det muleg å få til dokumentasjonen gjennom si økonomiske støtte til prosjektet.

Prosjektleiar på Jærmuseet var Målfrid Grimstvedt. Film & Foto Design ved Helge Hundeide som var produsent. Desse to har samarbeidd om fleire industri-dokumentasjonar tidlegare. Filminga starta måndag 26. april og pågjekk nokre veker framover. Produksjonsleiar Gunleif Bøe la til rette for filminga i fabrikken, og me møtte stor interesse og velvilje frå dei tilsette. Eit godt samarbeid under filminga er avgjerande for eit godt resultat, så dette er gledeleg for oss.

Rundballepakkaren frå idé til produkt
Ei australsk bondekone kom med idéen. I 1983 var ensilering av rundballar i store plastsekker kjent i fleire land. Det var ein usikker metode av di det lett gjekk hol i plasten, og mange ballar måtte kasserast som ubrukelege til fôr. Men dette ga likevel ideen til rundballepakkaren. Ei australsk bondekone arbeidde deltid på kontoret til Integrated Packaging, ein fabrikk utanfor Melbourne som laga strekkfilm til industriell pakking. Ho kom ein dag for seint og forpest til kontoret. Ken Williamson, som var markedssjef ved I.P., erta ho og spurte om mannen dreiv ho for hardt! Ho fortalte då at ho hadde vore med mannen og tredd plastsekker på rundballar. Ballane var for store, eller sekkene for tronge, så det hadde vore både varmt og vanskeleg å få ballane inni sekkene. Ho svarte derfor Williamson: » Du som steller med pakking av pallar og øskjer for industrien, du burde sjå på om du ikkje kunne laga noko til å pakka grasballar med!» Det «kjerringtipset» Ken Williamson fekk her, ga idéen til rundballepakkaren, eller Silawrap som blei namnet. Han arbeidde til dagleg med å selja strekkfilm til industrien. Nå utvikla han maskinen som pakka graset inn i strekkfilm. Han fekk patent på maskinen i 1984 og det blei laga ein mindre serie med maskinar som blei godt mottekne av bøndene. Etter dette var Ken Williamson på leit etter ein produsent av grasmaskinar som kunne vera interessert i å kjøpa patentet. Einar Lea var marknadsansvarleg for Australia for Underhaug Fabrikk AS, Nærbø. Han fekk sjå ein video av Silawrap og fatta interesse for maskinen. Omtrent på same tid kjøpte ein engelsk farmar to maskinar for utprøving. Det var med andre ord to interessentar som melde seg i konkurransen om å føra Silawrap inn på verdsmarknaden. Underhaugs Fabrikk inngjekk avtale om rett til å produsera og marknadsføra Silawrap i heile verda, så godt som.

I Jærmuseet si årbok «Sjå Jæren 2003» kan du lesa heile historia om rundballepakkaren, skriven av Einar Lea, mannen som fanga opp ideen frå Australia og omsette han til det viktigaste salsproduktet for Kverneland Underhaug på 1990-talet.